Prosjektet har som mål å frambringe forskingsbasert kunnskap om kjønn og kjønnsmakt innan det idrettspolitiske feltet, slik at kvinner og menns handlingsvilkår og muligheter for verdirealisering og styring kan bli synlege og meir tydelege.
Prosjektet vil være konsentrert om tre problemaspekt:
1. Idrettens kjønnspolitikk i lys av føringer frå stat og marknad. Målet er her å innhaldsfeste den eksplisitte og implisitte kjønnsbodskap som stat og marknad eksponerer overfor idretten, og korleis denne set s por etter seg i idrettens kjønnspolitikk.
2. Det andre problemaspektet tar opp kjønnspreget i idrettspolitikkens ledelse- og maktformer. Det er i dag få kvinner i idrettspolitiske lederstillinger. Utfordringa blir å undersøke korvidt ulike mekanismer og rasjonalitetsformer utdefinerer kvinners ledelsespotensialer.
3. Kjønnsdimensjonen i lokal idrettspolitikk er lite utforska. Med eit kjønnspolitisk blikk på lokal idrettspolitikk er eit mål å undersøke korvidt dei same kjønnsvilkår gjer seg gjelda nde på lokalt nivå som høgre opp i organisasjonshierarkiet.
Eit sentralt mål med å undersøke tre ulike empiriske kontekster er å søke å få tak i feltets rasjonalitetsformer og kjønnslogikker, og på den bakgrunn kunne utvikle eit kunnskapsgrunnlag som kan gi eit handlingsrepertoar for endring mot større kjønnsmessig likestilling.