Back to search

VEFO-Velferd, familie og oppvekst

Menneske med psykiske lidingar i små kommunar: Integrasjon eller isolasjon?

Awarded: NOK 2.2 mill.

Utgangspunktet for prosjektet er nedbygginga av psykiatriske langtidsinstitusjonar og desentraliseringa av tilbodet for menneske med psykiske lidingar. Mange med langvarige psykiske vanskar eller med lange institusjonsopphald bak seg er tilbake i kommunar og lokalsamfunn. Prosjektet vil fokusere på kva som er kome i staden for institusjonsplassane. Tilnærminga er korleis integreringa av menneske med psykiske lidingar skjer i kommunar med relativt 1åg urbaniseringsgrad. I slike kommunar vil det på den eine sida vere større nærleik til hjelpeapparatet og tettare kopling mellom uformelle og formelle relasjonar. På den andre sida vil både tilbod og kompetanse kunne vere meir avgrensa. Den normative strukturen vil også kunne vere annleis enn i urbane miljø, og då på ein måte som i visse høve kan fremje integrering, men også i andre samanhengar kunne føre til stigmatisering, isolering og utstøyting. Prosjektet legg opp til ei kvalitativ tilnærming der intervju (brukarar, pårørande, tilsette i kommunar, andre ak tørar i kommunane) og dokumentstudiar utgjer dei viktigaste kjeldene. For å prøve å kartleggje haldningar (til psykiske lidingar/menneske med psykiske lidingar som gruppe) i lokalsamfunna vil en også gjennomføre ei spørjeundersøking blant delar av befolkn inga i dei utvalde kommunane.

Funding scheme:

VEFO-Velferd, familie og oppvekst

Thematic Areas and Topics

No thematic area or topic related to the project