Back to search

VEFO-Velferd, familie og oppvekst

Database for studiar av rekruttering og kvalifisering til velferdsstatens yrke

Awarded: NOK 1.1 mill.

Etter den andre verdenskrigen har det vokse fram mange nye utdanningar og yrkesgrupper, noko som har ført til sterk vekst i den offentlege sysselsettinga. Desse yrkesutøvarane spelar ei sentral rolle i å realisere velferdsstatlege mål, og dei har vorte om tala som "velferdsstatens yrker". Deira oppgave er å iverksetje og konkretisere den offentlege politikken, og åtferda og avgjerslene deira har viktige konsekvensar for velferda til mange menneske. Samstundes som desse yrkene spelar ei fundamental rolle i samfunnet, er kunnskapen om deira yrkesutøving og kompetanse svært mangelfull. Gjennom å byggje opp ein ny database er formålet med prosjektet å etablere eit grunnlag for studiar av samanhengen mellom rekruttering til desse yrka, utdanningssosialisering og yrkesutøving, studiar av yrkeskarriere og avgang frå yrket. Med sitt komparative design vil databasen kunne få fram kva som er felles og kva som er delt for desse yrka, og kva som er spesielt for det enkelte yrke. Med velferdsstatens yrke meinar vi i denne samanhengen: - sjukepleiarar - fysioterapeutar - ergoterapeutar - sosionomar - barnevernspedagogar - førskulelærarar - lærarar. Med utgangspunkt i studentane ved utdanningane til desse yrka skal vi byggja opp to panel s om innan ein femårsperiode vil bli intervjua to gonger.

Funding scheme:

VEFO-Velferd, familie og oppvekst

Thematic Areas and Topics

No thematic area or topic related to the project