Back to search

GLOBAL-Globalisering og internasjonal

Den nye norsken. Norsk språk i nærkontakt med andre språk.

Awarded: NOK 4.8 mill.

Norsk språk har komme i stadig nærare kontakt med andre språk. Dette får følgjer for språket, og det gjer noko med oss språkbrukarane. Prosjektet vil ta opp spørsmålet om korleis denne situasjonen endrar språksamfunnet vårt, og korleis han eventuelt gir n ye vilkår for å utvikle språkverdiar og språkholdningar. I kva grupper av folket er det eventuelt det skjer ei endring, og kva sjølvbilete kan nye språkideal tilfredsstille? Samtidig er det viktig å sjå etter kva moglegheiter som den nye situasjonen med s pråkkontrastar tettare innpå oss kan gi til å utvikle språkinnsikt og språkkulturell refleksjon. Den nye situasjonen gir gode vilkår for å sjå språksamfunnet vårt utafrå, og det har alt gitt oss store mengder data som kan brukast til andrespråksforsking o g kontrastive studiar. I prosjektet vil ein sjå på endringane, analysere og tolke dei ved at ein skil mellom uttrykk og innhald, før ein dreg strategiske konklusjonar om ev. nye må1 og oppgåver for nordiskfaget. Prosjektet er delt i fire delprosjekt: 1. Det nye nordiskfaget. 2. Globale språkverdiar? 3. Norske holdningar til moderne språkpåverknad. 4. Norsk som andrespråk

Funding scheme:

GLOBAL-Globalisering og internasjonal

Thematic Areas and Topics

No thematic area or topic related to the project