Back to search

DR-VANN-Drikkevannsforskning mot år 2000

Cryptosporidium og Giardia i Noreg

Awarded: NOK 2.2 mill.

I utlandet er det vist at dei to eincella tarmparasittane Cryptosporidium parvum og Giardia intestinalis er ei viktig og hyppig årsak til tarmsjukdom, ofte med kraftig diare, hos huspattedyr og menneske. Begge parasittane dannar store mengder svært hardfø re overføringsstadium som blir skilde med avføringa. Parasittane kan hamna i drikkevasskjelder og smitta menneske og dyr via drikkevatn, sidan dei ikkje blir drepne ved desinfisering av drikkevatn og ikkje blir fullstendig fjerna av sandfilter. I Noreg er Cryptosporidium og Giardia påvist i respektive 24,5 % og 18,5 % av 147 undersøkte drikkevasskjelder. I prosjektet vil ein undersøkja kva rolle respektive husdyr (via beiting og spreiing av husdyrgjødsel) og menneske (utslepp av kloakk) spelar for førekomsten av Cryptosporidium og Giardia i norske drikkevasskjelder. Ein vil studera førekomsten av parasitt ane hos husdyr (hund, storfe, sau) direkte ved undersøking av avføringsprøvar og indirekte hos menneske ved undersøking av ubehandla kloakk. Overlevingsevna til parasittane både i lager for husdyrgjødsel og ute i naturen vil bli studert. Ein vil føreta genetisk typing av påviste parasittar hos husdyr for å få informasjon om smittefare frå dyr til menneske. Parasittar påvist i kloakk og humane pasientar vil også bli typa for få ein indikasjon om smittekjelder for menneske.

Funding scheme:

DR-VANN-Drikkevannsforskning mot år 2000

Thematic Areas and Topics

No thematic area or topic related to the project