Back to search

MENTAL-Mental helse

Gir gjentatte depresjonar kognitiv svikt?

Awarded: NOK 1.3 mill.

Prosjektet er ei tverrfagleg, multisenter-oppfølgingsstudie av prosjektet "Kognitive forstyrrelser hos pasienter med schizofreni, depresjon eller voldsproblematikk" (kort-tittel: "Bergen-Oslo prosjektet"). Endringar i kognitiv funksjon hos deprimerte ska l undersøkast. Ei kartlegging av hjernen sin funksjon hos deprimerte vil kunne gi informasjon om kva områder i hjernen som er årsak til kognitiv svikt hos pasientgruppa. Nevroradiologiske undersøkingar i ei mindre pasientgruppe vil kunne vise kva områder i hjernen som er assosierte med patologisk aktivitet hos deprimerte. Ei forståing av patofysiologien bak den kognitive svikten kan gi viktig kunnskap om korleis deprimerte bør behandlast og rehabiliterast. Forsøkspersonane er ei frisk kontrollgruppe og ei gruppe pasientar med recidiverande alvorlege depresjonar som tidlegare har vore testa i Bergen-Oslo prosjektet. Metodane består av kliniske instrument og eit omfattande nevropsykologisk testbatteri med vekt på frontallappsfunksjonane. Ei undergruppe skal undersøkast med fMRI for kartlegging av kva områder i hjernen det er aktivitet i ved ulike kognitive oppgåver. fMRI vil kunne avdekke patologisk hjerneaktivitet hos deprimerte.

Funding scheme:

MENTAL-Mental helse

Thematic Areas and Topics

No thematic area or topic related to the project