Back to search

JORDBRUK-Jord, planter og husdyr

Tredaude i søtkirsebær (Prunus avium L.) - årsaker og tiltak.

Awarded: NOK 1.6 mill.

Produksjon av søtkirsebær for både heimemarknaden og eksport har vore og er framleis eit satsingsområde innan norsk hagebruksproduksjon. Det er difor sett i gang investeringar i nye søtkirsebærplantingar i både etablerte og nye dyrkingsområde som vil gje monaleg volumauke av søtkirsebær dei nærmaste åra. Intensive dyrkingsopplegg med høge etableringskostnader krev høg stabil produksjon gjennom heile omløpet på 15-20 år for å gje tilfredsstillande lønsemd. Med omlegginga i produksjons-systemet har ein fåt teit aukande problem med tilfeldig treutgang (tredaude) når plantinga er i 5 til 8 års alder. Tredauden har i enkelte felt vore så omfattande at heile feltet har vorte øydelagt og rydda etter mindre enn 10 år. I dette prosjektet skal ein: 1. Undersøkja v ekst og utvikling av søtkirsebærtre i ulike kulturjord og kombinasjonar av sort og grunnstamme og skjeringsmåtar. 2. Undersøkja vekst og utvikling av trea der avlingsnivået vert regulert tidleg i sesongen. 3. Undersøkja vasstransporten gjennom leidningsba nane i podeområdet og den fysiske styrken i podeområdet av ulike kombinasjonar av grunnstammer og sortar, og prøva ut vertikal stripebarking som tiltak mot tredaude. 4. Kartleggja utbreiinga av phytoplasma i søtkirsebærtre som mogleg årsak til tredaude. M ed basis i vekstforsøk i småskala og storskala i Hardanger og Sogn, skal resultata implementerast til søtkirsebærdyrkarane.

Funding scheme:

JORDBRUK-Jord, planter og husdyr

Thematic Areas and Topics

No thematic area or topic related to the project