Back to search

HUM-Fagkomiteen for humaniora

Kv-spørsmål og V2 i vestnorsk: Ein studie i syntaktisk variasjon og endring

Awarded: NOK 2.2 mill.

Målet med prosjektet er å kasta lys over samspelet mellom grammatikkinterne og grammatikkeksterne faktorar ved syntaktisk endring. Hovudstudien skal vera ei nettverksbasert sosiolingvistisk undersøking av _kv_-spørsmål i sognemål der det verkar som om ein finn ei endring frå ein type grammatikk som tillet setningar som "Ke'ru seie?" men ikkje "Kefø'ru sa da?" til ein type grammatikk som tillet begge setningar. Begge dei to typane grammatikkar er kjende frå skildringar av andre norske dialektar, og begge t ypane skil seg frå standard norsk der det finitte verbet alltid må komma på andreplass i setningar ("Kva seier du?", men ikkje "Kva du seier?"). Det at det finitte verbet alltid kjem på andreplass, vert gjerne omtalt som V2-effekten. I eksisterande litter atur vert Sogn hevda å liggja utanfor kjerneområdet av dialektar som tillet _kv_-spørsmål utan V2-effekt, men dette er positivt gale, og prosjektet skal vidare omfatta ei grundigare kartleggjing av _kv_-spørsmål i vestnorske dialektar. Prosjektet skal ell es problematisera dei syntaksteoretiske sidene ved fenomenet: Sjølv om mange dialektar tillet brot mot V2-effekten i _kv_-spørsmål, gjer dei det ikkje i andre typar setningar.

Funding scheme:

HUM-Fagkomiteen for humaniora

Thematic Areas and Topics

No thematic area or topic related to the project