Det samla arealet med økologisk fruktproduksjon utgjer knapt 2% av det totale arealet av frukt i Noreg. Skal ein nå norske styremakter sitt mål om auke i fruktdyrkinga må lønsemda i produksjonen aukast. Resultat frå undersøkingar i økologisk eplefelt har vist at skadegjerarar som eplekurv, kjølelagersopp, rognebærmøll og gnag av ulike sommarfugllarver var viktigaste årsaker til at epla ikkje var salsvare. Det er såleis særleg trong for FoU innan området plantevern for å auke arealet og produksjonen av øko logisk frukt.
Jorddekke og jordkultur i trerekkja skal testast som effektive tiltak mot både epleskurv, ulike sommarfugllarver og ugras. Teorien er at jorddekket stimulerar til nedbryting av bladverk med soppsmitte, til etablering av nyttedyr og konkurre rar med problemugras som t.d. kveke. Mot skadedyr som rognebærmøll og tidlege vi klarer treng ein spesifikke tiltak for å unngå økonomisk skade. Mot rognebærmøll skal tiltrekkjande lukt frå rogn testast i fangstfeller rundt eplehagar i år med fare for ang rep. Ein vil arbeide aktivt med implementering av desse tiltaka i praktisk dyrking ved å arrangere årlege markdagar, fagmøte og gjennom publisering.