Back to search

SIP-Strategiske instituttprogram

Kommunikativ planlegging og utvikling Videreføres på prosjekt 165886/V10.

Awarded: NOK 2.7 mill.

Det er ein sentral tese i kommunikativ planlegging og samfunnsutvikling at ei endring i ei meir dynamisk retning krev forbetring av den sosiale (institusjonelle) kapitalen til samfunn, dvs. at kunnskapsressursane, relasjonsressursane og mobiliseringsevnen må styrkast (Healey et.al. 1999). Nye relasjonar må byggast og gamle må styrkast gjennom samarbeid, samtale og tillitsskaping skal ein kunne få ei meir positiv samfunnsutvikling (Storper 1997, Stöhr 1990). For å få til betre samordning og ei målretta sam funnsutvikling må sentrale samfunnsaktørar inkluderast i offentlege diskursar som gjer at dei lærer av kvarandre og utviklar sams oppfatningar om utfordringar, mål og handlingar så langt dette er mogleg. Spesielt er det viktig å styrke relasjonane mellom offentlege aktørar, næringslivet og det sivile samfunnet på lokalt og regionalt nivå. Den overordna strategien til fagmiljøet er å rekruttere tre doktorandstipendiatar knytt til dette programmet, dels med finansiering frå Norges forskningsråd, dels med a nna finansiering. Stipendiatane skal arbeide med problemstillingar knytt til samarbeid innan og mellom dei tre hovudaktørgruppene i regional samfunnsutvikling; næringsliv, sivilt samfunn og offentlege aktørar. I tillegg legg ein stor vekt på sams rettleii ng m.a. av internasjonale gjesteforskarar og i tillegg aktivitetar for å mobilisere heile fagmiljøet til felles innsats og integrerande aktivitetar og tiltak.

Funding scheme:

SIP-Strategiske instituttprogram

Thematic Areas and Topics

No thematic area or topic related to the project