Back to search

P-SAMISK-Program for samisk forskning

Gand frå grunnen av

Awarded: NOK 1.6 mill.

Prosjektet granskar ovringa gand i eldre tid. Ordet gand kjem av norrønt gandr, m., og det har truleg i liten grad vori brukt på samisk. Likevel er gandtradisjonen felles for samar og bumenn. Kjeldene gjev eit sprikande bilete av gand i eldre tid. Både i norrøne og samiske kjelder blir det brukt om eit dyr som er ham for utsende hjelpeånder eller for frisjela som den trollkunnige sender ut i trance for å skaffe kunnskap eller ting eller for å skada andre. Men opphavleg tyder ordet truleg "stav", o g i norrøne kjelder blir det stundom brukt om ein stav trollkunnige reid på. Der kan det òg tyde "ulv". I nyare folketradisjon blir det særleg brukt om eit utsendt trolldoms­prosjektil, som kunne ha mange slag skap. Det er skrivi mykje om gand, men sa mhøvet mellom dei ulike tydingane er ikkje klårlagt. Forskarane har lagt vekt på kvar sine delar av materiale, og konklusjonane spriker mykje. Det trengst derfor ei gransking som prøver å sjå alt tilgjengeleg materiale i samanheng, og det er tanken med pr osjektet. Kjeldene for granskinga er fyrst og fremst norrøn litteratur og misjonærskriftene frå 1600- og 1700-talet, dessutan i nokon monn nyare norsk, svensk og samisk folketradisjon.

Funding scheme:

P-SAMISK-Program for samisk forskning

Thematic Areas and Topics

No thematic area or topic related to the project