Back to search

PROFESJO-Profesjonsstudier ved de statlige høgskolene

Begynnaropplæring og tilpassa undervisning. Eit paraplyprosjekt ved Høgskolen i Volda.

Awarded: NOK 2.0 mill.

Forskingsprosjektet sitt hovudtema er begynnaropplæringa sett ut frå prinsippet om tilpassa opplæring. Begynnaropplæring er gitt ei vid tyding, i prinsippet femner den om all opplæring elevane får dei tre til fire første åra i grunnskulen. Omgrepet tilpas sa opplæring er gitt den tydinga som er nedfelt i opplæringslova, at opplæringa skal vere tilpassa elevane sine evner, anlegg og interesser. Hovudinteressa i prosjektet vil vere å studere verksemda i klasserommet. Grunngjevinga for dette valet er primært mangelen på kunnskap om det som går føre seg i klasserommet meir generelt, og innan begynnaropplæringa spesielt. Prosjektet er todelt. I første del vil det studeres begynnaropplæringa både generelt og med eit spesielt fokus på faga norsk (lese­ og sk riveopplæringa), matematikk (rekneopplæringa) og engelsk, på bruken av og funksjonen til leik og gje elevar frå språklege minoritetar spesiell merksemd. Prosjektet vil granske den samla begynnaropplæringa for å kunne få kunnskap om korleis heilskapen er, kva som bestemmer den og kva samanhengar og/eller motsetningar det kan vere mellom dei ulike elementa som inngår. Andre delen av prosjektet er aksjonsorientert. Saman med lærarane i dei klassane som er med i prosjektet vil det arbeides med og studere kor leis utvikle og auke kvaliteten på begynnaropplæringa generelt, og på dei områda som er nemnde ovanfor.

Funding scheme:

PROFESJO-Profesjonsstudier ved de statlige høgskolene

Thematic Areas and Topics

No thematic area or topic related to the project