Back to search

JORDBRUK-Jord, planter og husdyr

Helse og produksjon hos kommersiell slaktekylling oppdretta utan ionofore koksidiostatika i fôret.

Awarded: NOK 1.2 mill.

Formålet med prosjektet er å undersøkje om eit ikkje-antibiotisk driftsopplegg for kommersielt slaktekyllingoppdrett kan erstatte dagens opplegg som er basert på bruk av koksidiostatika med antibiotisk effekt. Dette inneber samanlikning av ulike driftsopp legg hos kommersielle slaktekyllingoppdrettarar. Ei av dei største utfordringane i dette prosjektet, vil vera å sikre god datakvalitet. For å oppnå det, trengst tett oppfølgjing overfor rugeri, fôrprodusentar, slaktekyllingoppdrettarar og slakteri. Det se ntrale helsemessige utfallsmålet er Clostridium perfringens-assosiert sjukdom, som er det største helsemessige hinderet for å avslutte bruken av antibakterielle fôrtilsettingar. Dette utfallet blir målt som frekvens av kyllingar som blir kasserte på grunn av leverforandringar ved slakting. Erfaringsmessig er dette ein god indikator på Clostridium perfringens-assosiert sjukdom i flokken. Ein sentral indikator på produksjon og økonomi er fôrutnytting, målt som kg fôr per kg slaktevekt. Dette prosjektet vil gi informasjon om effekten av ein kombinasjon av koksidievaksinasjon, tilførsel av naturleg tarmflora og redusert belegg. Saman med kunnskap frå andre prosjekt (om immunitet og vaksinasjon mot Clostridium perfringens samt fôringsmessige tiltak), vil resu ltata vise kor langt ein har kome i arbeidet fram mot eit slaktekyllingoppdrett uavhengig av antibiotiske fôrtilsettingar.

Funding scheme:

JORDBRUK-Jord, planter og husdyr

Thematic Areas and Topics

No thematic area or topic related to the project