Back to search

FORNY-3-Kommersialisering av FoUresultater

Infrastrukturtiltak v/Høgskolen i Agder

Awarded: NOK 0.45 mill.

Project Manager:

Project Number:

156387

Project Period:

2003 - 2004

Location:

HiA har saman med STS delteke i FORNY-programmet sidan 2000. Høgskolen har inngått samarbeidsavtale med STS, og det er etablert eit samarbeidsutval der fakulteta og leiinga ved høgskolen regelmessig møter direktør og saksarbeidarar i STS. Høgskolen har valt ein samarbeidsmodell der STS går inn i høgskolen og plukkar opp idear og inviterer til ideseminar og andre motiverings- og oppfølgingstiltak. På ideseminara deltar det også personar frå næringslivet. Kopling av personar frå næringslivet og frå HiA har vist seg å vere svært fruktbart. Høgskolestyret har diskutert strategi for kommersialisering av forskingsresultat. I løpet av 2003 tar HiA sikte på å implementere den nye lova om oppfinningar. Høgskolen vil vidareføre og vidareutvikle samarbeidet med STS. Samtidig vil HiA, eventuelt saman med andre høgskolar/universitet, etablere ei førstelinjeteneste som kan drive motiveringsarbeid og gi fagleg råd og rettleiing til tilsett og studentar. Dette vil komme i tillegg til ideseminar og stimuleringstiltak i regi av STS. HiA hadde i 2002 fire godkjente kommersialiseringar og var på nivå med universiteta når det gjeld kommersialisering av forskingsresultat.

Funding scheme:

FORNY-3-Kommersialisering av FoUresultater

Thematic Areas and Topics

No thematic area or topic related to the project