Back to search

AREAL-Areal- og naturbasert næringsutvikling

Kulturlandskap i endring i Hardanger, Sogn og Nordfjord - konsekvensar for opplevingsturismen på Vestlandet.

Awarded: NOK 2.6 mill.

Opplevingsturismen på Vestlandet brukar kulturlandskapet i fruktdistrikta som ein bærebjelke i marknadsføringa mot kundane sine. Kulturlandskapet i desse fruktområda gjennomgår store endringar. Areal gror att eller vert nytta til andre fruktkulturar enn e ple, som før har vore dominerande. Reiselivsnæringa på Vestlandet er uroa over ei slik utvikling. I dette prosjektet vil ein granska korleis økonomi, marknadsføring og aktivitetstilbod i opplevingsturismen på Vestlandet vert påverka av endringar i kulturl andskapet i dei tunge fruktregionane i Hardanger, Sogn og Nordfjord. Viktige delmål i prosjektet er kartlegging av kulturlandskapet som faktor i opplevings-turismen, av endringar i det biologiske mangfaldet, årsakene til endringane slik som økonomiske råm evilkår for fruktdyrkaren og kart- og modellutvikling for endringane som føregår. Kunnskapstilfanget kan delvis danne grunnlag for tilrådingar om framtidige satsingsområde for norsk fruktproduksjon i Vestlandsfylka, der også turistnæringa sine interesser vert ivaretekne. FoU-delen i prosjektet skal løysast i fellesskap av Planteforsk, Institutt for Geografi, UiB og Norsk institutt for landbruksøkonomisk forsking (NILF) i Bergen. Dette representerer nye samarbeidsrela sjonar over instituttgrenser. Vidare er prosjektet sektorovergripande, der turisme og fruktproduksjon vert sett i samanheng.

Funding scheme:

AREAL-Areal- og naturbasert næringsutvikling

Thematic Areas and Topics

No thematic area or topic related to the project