Back to search

AREAL-Areal- og naturbasert næringsutvikling

Samdrift-trugsmål mot småskalajordbruket eller berre ei rasjonell føretaksøkonomisk tilpassing? Ein studie av konsekvensar av samdrift.

Awarded: NOK 2.7 mill.

Under trykket av stadig strammare rammevilkår, søkjer bøndene etter nye produksjonsmåtar og alternative organisasjonsformer for å kunne redusere kostnader og risiko. Trass i målretta lovgjeving og bruk av store ressursar i forvaltninga for å skape meir ef fektive driftseiningar, har strukturrasjonaliseringa gått relativt seint i Noreg. Samdrift ser ut til å vera forlokkande for stadig fleire som satsar på ein leveveg, særleg innan husdyrhald. Talet på samdrifter i Noreg har sidan 1997 vorte fordobla kvart tredje år, og omfattar i dag 1030 bedrifter eller om lag 12% av alle mjølkeprodusentar. Denne veksten har samanheng med dei strammare rammevilkåra og omstillingane det vart lagt opp på 1990-talet. Men samdrift er landbrukspolitisk omstridt, veksten skjer svært ujamt i ulike landsdelar, og rammevilkåra for denne organisasjonsforma har vore endra fleire gonger dei seinase åra. Dagens kunnskapsgrunnlag er svakt og ein treng forsking om konsekvensane av samdrift for å legge til rette for ein informert debatt og ei god rådgjeving. Det vil bli gjennomført ein omfattande nasjonal studie for å dokumentere kva samdrift fører til, for den einskilde samdriftsbonde, for det lokale landbruksmiljøet og for norsk landbruk samla sett.

Funding scheme:

AREAL-Areal- og naturbasert næringsutvikling

Thematic Areas and Topics

No thematic area or topic related to the project