Back to search

P-SAMISK-Program for samisk forskning

Vitalisering av sørsamisk

Awarded: NOK 0.26 mill.

Prosjektet vil byggje på tilgjengelege teoriar om språkskifte og språkleg (re)vitalisering, t.d. Joshua Fishman sine bøker. Prosjektet vil vidare nytte seg både av empiri frå sørsamisk vitalisering som prosjektmedarbeidar allereie har samla inn i Elgå sku lekrins frå 2001 og fram til i dag og av empiri som blir samla inn i prosjektperioden fram til 2005. På den eine sida vil prosjektet følgje nøye den sørsamiskspråklege vitaliseringsprosessen som no går føre seg i Elgå i Engerdal. Dernest skal funna derifr å samanliknast med eit liknande samfunn i Skottland der ein ønskjer å vitalisere gælisk språk. Ved slik å studere likskapar og ulikskapar vil ein prøve å seia noko om kva tiltak som ser ut til å vitalisere språk under kva for for samfunnsmessige vilkår.

Funding scheme:

P-SAMISK-Program for samisk forskning

Thematic Areas and Topics

No thematic area or topic related to the project