Back to search

TU-HUM-Utstyr/databaser/samlinger - Humaniora

Namnevariantar - eit problem ved bruk av digitaliserte folketeljingar for 1700- og 1800-talet

Awarded: NOK 1.1 mill.

Folketeljingane for 1801, 1865, 1875 og 1900 er nå digitalisert for heile Noreg (delar av landet berre dekt med eit utval i 1875). Det er tilgang til matieralet via Internett, og mange rubrikkar (Yrke, fødestad osv.) er standardiserte for statistisk bruk. Det standardiseringsproblemet som står att, er dei svært mange variantstavingane av personnamn og bustadnamn. Dette inneber at det er problematisk å følge t.d. same person frå folketeljing fordi namnet er skrivi ulikt. Prosjektet tek sikte på å standardi sere både fornamn, etternamn og stadnamn ved ein kominasjon av automatiske og interaktive prosedyrer. Dermed vil dei som bruker teljingane, lettare kunne identifisere personar, gardar og andre bustader i samband med ulike typar forsking og undervisning in nafor humaniora og samfunnsvitenskapane, t.d. onomastisk, demografisk, sosialhistorisk, lokalhistorisk og genealogisk forsking. Eit standardisert namnetilfang opnar for mange fruktbare prosjekt, bl.a. i skjeringspunktet mellom namneforsking og historie. I eit mentalhistorisk perspektiv vil det t.d. vera interassant å undersøke i kva grad bøndene i siste halvdel av 1800-talet valde å gå over frå etternamn av patronymtypen til å bruke gardsnamnet som etternamn.

Funding scheme:

TU-HUM-Utstyr/databaser/samlinger - Humaniora

Thematic Areas and Topics

No thematic area or topic related to the project