Ei sentral tese i internasjonal kommunikativ planlegging og samfunnsutvikling er at endring i ei meir dynamisk retning krev betring av den sosiale (institusjonelle) kapitalen til samfunn. Sentrale samfunnsaktørar må inkluderast i offentlege diskursar som gjer at dei lærer av kvarandre og utviklar sams oppfatningar om utfordringar, mål og handlingar. Slike perspektiv har i dag ein sentral plass også i norsk politikk innan regional utvikling og samfunnsplanlegging som vist i nyare meldingar.
Fagmiljøet i Vo lda har i over 20 år arbeidd med teori- og metodeutvikling innan kommunikativ planlegging og samfunnsutvikling og er mellom dei fremste i Noreg. Ei stor utfordring i heile miljøet er å rekruttere godt kvalifiserte medarbeidarar. Den kunnskaps- og kompeta nseutviklande strategien vår knytt til fire hovudfelt fordelt på systemutvikling og tre hovudgrupper av aktørar; offentlege, det sivile samfunn og næringslivet. Sentrale utfordringar er dels å studere utviklingstrekk og utfordringar knytt til kvar av dess e tre aktørgruppene - men også å studere samspelet mellom dei og kva roller dei kan og må ha i lokalt og regionalt utviklingsarbeid og samfunnsplanlegging. Vi legg stor vekt på systemutvikling og på utvikling av arbeidsprosessar, planleggingsmetodar m.m. som kan betre kommunalt og fylkeskommunalt planleggings- og utviklingsarbeid i ei kommunikativ retning. Vi vil knytte dei fire delstrategiane i programmet tett saman gjennom eit sams kommunikativt planleggingsteoretisk grunnlag og gjennom sams arbeidspros essar, rettleiing mm.
-------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------
Nytt prosjektsamandrag i samsvar med søknad 177675/V10:
Det strategiske instituttpro grammet til Møreforsking Volda har vart i snart 5 år (2002 - 2006) og har gitt gode resultat for institusjonen. Tematisk har vi hatt fire samandbunde delstrategiar, alle med omfattande utviklings- og publiseringsaktivitetar i perioden og med stipendiatar knytt til delstrategiane 2, 3 og 4, men som også arbeider med utfordringar knytt til delstrategi 1.
Delstrategiar:
1. System- og metodeutvikling innan kommunal- og fylkeskommunal planlegging og samfunnsutvikling
2. Kommunen og fylkeskommunene som aktør
3. Det sivile samfunnet som aktør
4. Næringslivet som regional utviklingsaktør
Med grunnlag i erfaringane og kunnskapen utvikla mellom anna gjennom SIP-en vil Møreforsking Volda søke om forlenging med hovudfokus på tre samanhengande delaktivitetar.
a. K ommunikativ planlegging og samfunnsutvikling i småsamfunn og med vekt på leiarroller.
b. Kommunikativ planlegging, brukarmedverking og deltaking.
c. Publisering og formidling, fortrinnsvis knytt til pågåande doktorarbeid.