Back to search

NATURNAER-Natur og næring

Bygda som skaper sitt eige image: Når bygder marknadsfører seg for å overleve.

Awarded: NOK 2.9 mill.

Project Manager:

Project Number:

167307

Application Type:

Project Period:

2005 - 2008

Funding received from:

Subject Fields:

Representantar frå bygda Næroset reiste vinteren 2003 med TV til stades til Kuala Lumpur for å peike på seg sjølv. Dette er eit ytterleggåande døme på ein bygdeutviklingsstrategi som relaterer seg direkte til den nye bygdeforskinga sitt fokus på bygda som sosial representasjon. Dette er ei av fleire bygder som har bestemt seg for å overleve, og som marknadsfører seg som det. Slike salsframstøyt frå bygda er ei form for nyruralisme, der bygda sitt image er produktet som vert konstruert og representert. T rass vedvarande sentralisering, nedgang i folketal, nedlegging av skular og butikkar, finst det ei rekkje døme på lokalt initiert marknadsføring av bygder som er opplevd som vellykka. Desse vellykka prosjekta har funne løysingar og framstillingar av bygda som kan tilføre bygdeforskinga ny kunnskap om samhandlingsprosessar, sosiale konstruksjonar, imageskaping og overlevingsevne. Vi vil fokusere på bygdeutvikling som eit arbeid for å marknadsføre og selje bygda, og undersøkje kva image ein skaper og tille gg bygda gjennom dette arbeidet. I dag kan vi sjå bygdeutviklinga som "populistiske" tiltak der bygdene må konkurrere for å setje seg sjølve på kartet og marknadsføre seg i ein konkurransesituasjon. Bygdene må gjere seg attraktive for eksisterande og pote nsielle innbyggarar, og førestellingane om 'det gode livet på landet' er eit potensiale som bygdene aktivt brukar i jakta på eit positivt bygde-image. Vi vil velje tre døme på bygdetiltak som er opplevd som vellykka. Gjennom personlege intervju, gruppei ntervju og feltarbeid vil vi kartlegge prosessane som har skjedd i bygda for å få etablert prosjektet. Vi vil identifisere nokre typar representasjonar av bygda, og greie ut korleis desse er formidla. Til sist vil vi undersøke korleis representasjonane ve rt mottekne av andre enn prosjektmakarane.

Funding scheme:

NATURNAER-Natur og næring

Thematic Areas and Topics

No thematic area or topic related to the project