Back to search

HOYKOM-Høyhastighetskommunikasjon

Regional løysning for drift og trygging av felles nett i Nordfjordkommunane (Kommunenett Nordfjord - Fase 2)

Awarded: NOK 63,287

Dei sju Nordfjordkommunane Bremanger, Eid, Gloppen, Hornindal, Selje, Stryn og Vågsøy har gjennom fleire år hatt eit fruktbart og godt samarbeid innan-for IKT. Kommunane har vedteke felles IKT-strategi og skrive bindande samarbeidsavtaler for utvikling a v nett og tenester mellom kommunane. Kommunane vil no samordne drift og trygging av regionalt nett for å sikre vidare tenesteutvikling mellom kommunane. Dette skal mellom anna gjerast gjennom ei forpliktande overordna IKT-plan og tryggleiksplan for kommu nane. Prosjektet vil og utarbeide overordna plan for organisering av felles driftsfunksjon. Det skal etablerast ei vertskommune for IKT-drift, som har ansvar for felles IKT-infrastruktur og trygginga av denne. Vedkomande skal ha teknisk spisskompetanse som den einskilde kommunen ikkje vil ha ressursar til åleine. Vertskommunen kan også få ansvar for å samordne drifta av felles IKT-system. Drifta er tenkt gjennomført som eit virtuelt driftsmiljø der vertskommunen er jurdisk ansvarleg for drifta, men dri ftspersonellet kan arbeide desentraliert. Det er ei målsetjing at vertskommunen skal bidra til å styrke samhaldet og den faglege kompetanse-utviklinga mellom kommunane. Funksjonen skal óg bidra til å få alle kommunane opp på eit tilfredstillande fagleg nivå, slik at kvar kommune er i stand til å løyse eigne driftsoppgåver.

Funding scheme:

HOYKOM-Høyhastighetskommunikasjon

Thematic Areas and Topics

No thematic area or topic related to the project