Back to search

MATPROG-Matprogrammet: Norsk mat fra sjø og land

Kvalitetssikring av eple i utvida salssesong

Awarded: NOK 2.2 mill.

Hardanger fjordfrukt og Gvarv fruktlager har som målsetting å omsetja norske eple av høg kvalitet ein til tre månader lengre enn i dag. For å sikra dette må det verta betre kontroll med lagersjukdomar. Soppsjukdomar kan gje store tap hos lagra eple, særle g ved lagring over lang tid. Dei viktigaste soppsjukdomane høyrer til samleomgrepet Gloeosporium-ròte som utgjer kjølelagersopp, svart frukttrekreft og bitterròte. Kjølelagersopp vart stadfesta som den viktigaste årsaka til ròte hos lagra eple i Hardanger for 30-40 år sidan, men undersøkingar dei siste åra har synt at no er truleg bitterròte ein viktigare skadegjerar. Det har vore meldt om store skadar pga. bitterròte hos mange epleprodusentar i Hardanger, og Hardanger fjordfrukt har kassert store mengder eple pga. denne sjukdomen. Det er stor skilnad mellom ulike felt i kva soppar som er årsak til ròten og kor mykje ròte epla utviklar etter lagring. Det har heller ikkje vore nokon klår samanheng mellom rotning og sprøytinga som har vore utført i felta, n oko som tyder på at smittemengda og kva soppar som er til stades varierar mykje frå felt til felt. I det første delmålet tar vi opp desse spørsmåla for å kunna redusera smittenivået og med det få ein betre effekt av direkte tiltak som vert sett inn. Det f ins fleire effektive ikkje-kjemiske metodar som kan ha verknad mot lagersjukdomar i eple. Desse inkluderer mellom anna handsaming med kalsium før hausting og varmt vatn etter hausting. For å nå det andre delmålet vil vi difor prøva ut slike alternative me todar for å få dei tilpassa sortar brukt til lagring i Noreg og nye sortar som har potensiale til langtidslagring. Det er viktig å vurdera kor eigna eit epleparti er for langtidslagring. Nedbør gjennom sesongen, haustetidspunkt og smittenivå er døme på fa ktorar som påverkar lagringspotensialet. For å nå det siste delmålet vil vi utvikla eit system for å analysera langringsevna, basert på eit tilsvarande system for andre soppsjukdomar i eple utvikla i England.

Funding scheme:

MATPROG-Matprogrammet: Norsk mat fra sjø og land