Prosjektet vil etablera eit regionalt skulenett mellom kommunane Fjell, Sund, Øygarden og Hordaland Fylkeskommune med felles katalogteneste. I samarbeid med fylket vert det etablert felles løysing i form av skuleportal med ulike innhaldstenester og læring splattform: På denne måten vert det etablert eit 13-årig skuleløp i regionen der kontinuitet og samarbeid gjeld uavhengig av skule, kommune og forvaltningsnivå. Plattforma gjev høve for døgnopen skule og digitale mapper.
Prosjektet ivaretek omfattande op plæring av skulepersonell i regionen samt organisering for å ta plattforma aktivt i bruk. Mellom anna vil ein etablera eigen arena for realfagsatsinga som er komen godt i gang i regionen.