Back to search

ISPJUS-ISP - Satsing på juridisk forskning

Rettsstatlege utfordringar ved internasjonalisering av strafferettspleia, med særleg fokus på europeisk integrasjon

Awarded: NOK 4.0 mill.

Både den materielle strafferetten og dei straffeprosessuelle reglane om etterforsking og domstolsbehandling har tradisjonelt hatt eit sterkt nasjonalt særpreg. Men dei siste åra har det skjedd hyppige endringar av regelverket, som i stor grad har vore ini tiert av eller påverka av det internasjonale samarbeidet for å motverka organisert kriminalitet. FN har gjennom lengre tid spela ei sentral rolle her, gjennom utviklinga av globale konvensjonar om bestemte former for internasjonal kriminalitet. Dei siste åra har dessutan det strafferettslege samarbeidet innanfor EU skote fart, samtidig som Norge gjennom Schengen-avtalen og andre avtalar har knytt seg tett opp til dette samarbeidet. Målet innanfor EU synest å vera at EU og/eller Schengen-området skal frams tå som eit felles område for handheving av lov og orden. Samla sett skjer det difor ei omfattande europeisk samordning både når det gjeld kriminalisering, etterforsking og iretteføring. Den intensiverte kampen mot terrorismen har gitt denne utviklinga sær leg fart dei siste fire åra. Internasjonaliseringa av strafferettspleia reiser heilt nye utfordringar for rettsstaten, sidan vernet om mistenkte og andre sin rettstryggleik i straffeprosessen tradisjonelt har vore utforma i relasjon til ei reint nasjonal strafferettspleie. Når til dømes eit brotsverk er definert på den internasjonale arenaen, blir domstolsbehandla i eit heilt anna land enn det er utført, og fleire land deler på oppgåvene med bevisinnhenting og anna etterforsking, kan det lett skje ei ansv arspulverisering som truar etablerte krav til ein rettsstat. Samtidig møter strafferettspleia særlege utfordringar der trusselen frå internasjonal kriminalitet har ein slik karakter at det truar sjølve rettsstaten. Her er det nødvendig å drøfta gjennom kv a rammer menneskerettane set for gjennomføring av ei effektiv og transnasjonal, men samtidig forsvarleg strafferettspleie.

Funding scheme:

ISPJUS-ISP - Satsing på juridisk forskning