Back to search

HOYKOM-Høyhastighetskommunikasjon

Breibandløftet Sogn og Fjordane. Breibandutbygging til 37 bygdelag i Sogn og Fjordane

Awarded: NOK 8.1 mill.

Sogn og Fjordane hadde ved årsskiftet omlag 80% breibanddekning, noko som plasserer fylket på ein fjerde sisteplass nasjonalt. 1. august 2006 er 158 telesentralar bygd ut og fire sentralar er under bygging av totalt 203 sentralar. Av dei 98 sentralane som har fått breiband sidan 1. januar 2005 er 19 sentralar bygd ut kommersielt, medan dei andre 79 sentralane er utbygd med anleggstilskot frå det offentlege. Det offentlege sine kostnadane ved denne utbygginga er på meir enn 30 mill kr fordelt på kommunale midlar, fylkeskommunale midlar, DAA-midlar frå næringslivet (løyvd i 2004) og midlar frå staten og kommunane gjennom dei to Høykom-prosjekta Skulenett Sogn og Fjordane fase 2 og Integrerte kommunale tenesteportalar i Sogn og Fjordane. Det er samstundes k lart at sjølv om mange av innbyggjarane i fylket no har tilgang til breiband, står framleis mykje att. Kommersielt vert det ikkje bygd ut meir breiband i Sogn og Fjordane. Hovudmål for prosjektet er å foreta infrastrukturbygging til 37 bygdelag i fylket som ikkje får kommersiell utbygging, og samstundes motivere innbyggjarane i Sogn og Fjordane til å ta i bruk tilgjengelege breibandstenester.

Funding scheme:

HOYKOM-Høyhastighetskommunikasjon

Thematic Areas and Topics

No thematic area or topic related to the project