Back to search

MATPROG-Matprogrammet: Norsk mat fra sjø og land

Væskebasert såing - utvikling av dyrkingsteknikk

Awarded: NOK 0.75 mill.

Project Manager:

Project Number:

179374

Project Period:

2007 - 2010

Partner countries:

Væskebasert såteknikk eller våtsåing, er ein relativt ny metode som det til no er utført lite forsking om, både nasjonalt og internasjonalt. Såfrø vert blanda med væske og plassert anten i eller oppå jorda med eitt eller anna spreieutstyr. Væska er ofte b laut husdyrgjødsel som vert spreidd med ulike typar gjødselspreiarar, som til dømes stripespreiar eller nedfellar. Agromiljø AS har utvikla eit system for å felle ned husdyrgjødsel og frø. Utstyret er prøvd i feltforsøk og praksis. Ved hjelp av eit Craft- prosjekt med internasjonale aktørar er utstyret forbetra teknisk. Fordelen med våtsåing er blant anna at ein kan få utført fleire arbeidsoperasjonar samtidig, og såleis få redusert kostnadene i høve til konvensjonell såing. Metoden gir også mulegheit for å utføre arbeidet under optimale tilhøve slik at utnyttinga av næringsstoffa vert god med liten køyrebelastning. Agromiljø AS er avhengig av forsking for å finna fram til dei beste måtane å bruka systemet for våtsåing på, og kunna dokumentera dei fordeler ein kan oppnå. Både i Norge og dei fleste land i Europa vil det skje ei omlegging til meir produksjonsnøytrale produksjonstillegg, gjerne kombinert med strenge miljøkrav. Det er difor ei stor utfordring både for produsentar av utstyr og rettleiingstenest a å hjelpe gardbrukarane med å finne fram til metodar som reduserer kostnadene og tilfredstiller miljøkrava. Dei mest sentrale FoU-utfordringane vil vere å utvikle dyrkingsteknikk som sikrar god etablering og utvikling av innsådde artar i eng og åker, og å dokumentere dei økonomiske og miljømessige gevinstane for den enkelte gardbrukar og for samfunnet ved å ta i bruk våtsåing. Ein skal gjennomføre forsøk og registreringar på fire stader i Sør-Norge.

Funding scheme:

MATPROG-Matprogrammet: Norsk mat fra sjø og land