Hovudemnet for konferansen er historien som vare. Med dette emnet vil vi fokusere på eit spørsmål som er svært aktuelt for historikarar, i Noreg og internasjonalt, både innan forsking, utdanning og kanskje ikkje minst i arkiv og museumsverksemd. Ein blir møtt med stendig skjerpa krav til sal og inntening og historie blir også sett på som ein merkevare i kommersialiseringa av ulike reisemål. I Vestfold er problemstillinga mellom annna aktualisert ved ulike planer om lansere fylket som Viking-fylket.
Konf eransen vil særleg legge vekt på etiske sider ved forvaltinga av historisk kunnskap og historiefaglege utfordringar i det å legitimere historie som vitskap, ikkje bare oppleving.
I delsesjonane vil mellom anna desse emna bli drøfta:
Noreg som fredsnasjo n
Nye spørsmål i norsk kyrkjehistorie
Historiedidaktikk
Dansk-norsk kolonihistorie
Næringsutvikling i post-militære småbyar
1968-historia i Norge i eit komparativt perspektiv
Det opplyste kvardagsliv ? samanhenger mellom opplysing, materiell kultur, produ ksjon og handel i siste halvdel av 1700-talet
I tillegg vil delsesjonane ta opp emne frå ikkje-europeisk historie.
Sjå også programmet som er lagt ved.