Prosjektet fokuserer på korleis og i kva grad refleksjonsbaserte digitale mapper kan styrkje lærarane og lærarstudentane sin vurderingskompetanse. Prosjektet er både knytt til allmennlærarutdanninga ved HSH og til ein skuleutviklingsprosess på to Stord-s kular der målet er å betre læringsvilkåra for elevane gjennom å styrkje vurderingskompetansen til dei involverte lærarane og lærarstudentane.
Prosjektet er forankra i m.a. Kunnskapsløftet, der vurderingsaspektet er løfta fram som viktig for betring av kv aliteten i norsk skule. I tillegg er søknaden forankra i Kvalitetsreformen for høgare utdanning, der uvikling av meir prosess- og læringsorienterte vurderingsformer er løfta fram.
Internasjonalt har ein dei siste ti åra i brei utstrekning innført refle ksjonsbaserte mapper som reiskap for å utvikle evna til refleksjon over eigen praksis hos lærarar og lærarstudentar. På den eine sida peikar førebels forskinga på området forholdsvis einsidig i positiv retning når det gjeld læringsaspektet, medan det i s tørre grad blir stilt kritiske spørsmål, spesielt til reliabilitetsaspektet ved den summative vurderinga. På den andre sida synes breidda og djupna i denne forskinga framleis å vere mangelfull. Litteraturen peikar på eit stort behov for både meir djupnef orsking om refleksjonsprosessen relatert til ulike faglege og utdanningsmessige kontekstar, eit meir differensiert blikk på lærings- og refleksjonsprosessar i relasjon til innhald og struktur i mappene og meir langsiktig forsking knytt til feltet IKT og n ye vurderingsformer.
Prosjektet vil bli organisert som eit aksjonsforskingsprosjekt, der den forskingsmessige evalueringa vil bli gjennomført ved hjelp av eit sett makro- og mikroetnografiske metodar som feltobservasjon, intervju (individuelt og i fokus gruppe), dokumentanalyse og interaksjonsanalyse. Eit sosiokulturelt perspektiv på kunnskap og læring vil danne bakteppe for datainnsamling og analyse.