Back to search

VRI-Virkemidler for regional innovasjon

"Framtidsfylket... "

Awarded: NOK 8.0 mill.

Det står bra til i Sogn og Fjordane for tida. Men det er i gode tider vi må leggje grunnlaget for framtidig vekst. Ei sterkare kopling mellom forskingsmiljøa i fylket, næringslivet og bedriftene er éin viktig og fornuftig utviklingsstrategi. Ein slik stra tegi vil bidra til å skape fleire og meir spennande arbeidsplassar. Dette er nødvendig for å redusere nedgangen i folketal i fylket. Gjennom dialog og god kontakt mellom næringsliv, verkemiddel-apparat og kunnskapsinstitusjonar i fylket vil vi sikre lang siktige relasjonar og utvida samarbeid langs fleire aksar. Med hovudmål om å utvikle eit konkurransedyktig og høgt kvalifisert nærings- og arbeidsliv i regionen, har partnarskapen valt å satse på næringar som er viktige i fylket i dag, og som har eit mark nads- og ressursmessig potensial for framtidig verdiskaping: - Reiseliv - Fornybar energi - Marine næringar I tillegg vert det lagt vekt på å utvikle kunnskap kring området endringsleiing. Fylket har svært gode naturgitte føresetnader for vidareutvi kling av både marine næringar, reiseliv og fornybar energi. Desse næringane er no stilte overfor særlege utfordringar knytte til auka merksemd rundt ulike former for landskapsvern. Det er viktig å utnytte forskingsressursar til å bidra til å sørgje for at vi på ein optimal måte kombinerer næringsutvikling og verneinteresser Fleire verkemiddel vert tekne i bruk for å realisere ambisjonane. Vi legg i første fase særleg vekt på a) kompetansemekling og b) bruk IT i organisasjonar. For å sikre ein god start l egg vi opp til bruk av foresight og dialogkonferansar. Vi skal òg sikre deltaking i internasjonale nettverk. Det er på fleire område lagt opp til samarbeid med dei andre fylka på Vestlandet. Særleg gjeld dette innanfor marine næringar. Det er lagt opp til fleire delvis aksjonsprega forskingprosjekt innanfor prosjektet. Prosjektet skal ha betydeleg lærings- og overføringseffekt. Vi legg òg opp til varierte formidlingsformer.

Funding scheme:

VRI-Virkemidler for regional innovasjon