Back to search

P-SAMISK-Program for samisk forskning

Ein sørsamisk etnolekt? Ei sosiolingvistisk undersøking av ei sørsamisk språkleg praksisform

Awarded: NOK 2.2 mill.

Hovudtemaet for dette forskingsprosjektet er ein spesiell språkleg praksis blant den sørsamiske folkesetnaden. I tillegg til at sørsamane snakkar norsk, og i varierande grad sørsamisk, har dei ein tredje språkvarietet: norsk med innlemma sørsamiske ord og uttrykk. Denne varieteten, som eg til no vel å kalle ein etnolekt, ser ut til å vera nesten obligatorisk å bruke i samtale med andre sørsamar. Etnolekten fungerer som ein sørsamisk identitet- og etnisitetsmarkør og verkar konsoliderande innad i det sørsa miske miljøet. Denne etnolekten er aldri før forsøkt beskrive og forklart, og målsettinga med dette prosjektet er å oppnå ny og verdifull kunnskap om det sørsamiske språksamfunnet generelt og den sørsamiske etnolekten spesielt. Problemstillinga for prosj ektet er delt inn etter to dimensjonar: - Ein språkstrukturell dimensjon - Ein funksjonsdimensjon Den første dimensjonen handlar om språkstruktur. Der skal eg i hovudsak finne svar på spørsmål om kva sørsamiske leksem det er som blir integrerte i det nors ke språket, kva som skjer morfologisk med orda, og kor stabilt det sørsamiske repertoaret i etnolekten er. Den andre dimensjonen dreier seg om funksjonen til og bruken av etnolekten. Sentrale spørsmål her handlar om i kva språksituasjonar han blir brukt, kva etnolekten symboliserer for brukarane, og kva rolle etnolekten spelar i revitaliseringa av sørsamisk. Den overordna metodologiske ramma for prosjektet er kvalitativ forskingsmetode. Innafor denne ramma har eg imidlertid tenkt å samle inn tre typar m ateriale: - sjølvopptak - observasjon - djupnintervju Eg skal altså få tilgang til både faktisk språkbruk og samtalar om språkbruken. Innafor ei informantgruppe på 15-20 personar skal eg gjennomføre både sjølvopptak, observasjon og intervju. Ei slik met odetriangulering vil føre til ulike typar empiri å arbeide med, noko eg trur vil få fram fleire og meir nyanserte bilete av undersøkingsobjektet.

Funding scheme:

P-SAMISK-Program for samisk forskning