Back to search

ISPHUM-ISP - Humaniora

Dialektendringsprosessar

Awarded: NOK 6.1 mill.

-

Målet er å vinne større innsikt i dialektendringsprosessar ved å "gjenta" fire granskingar på Vestlandet der ein har arkivert godt lydbandmateriale med naturleg tale frå tidlegare granskingar. Slik kan ein seie noko om 'endringar i verkeleg tid' i motsetn ing til 'endringar i tilsynelatande tid'. Lydbandmaterialet frå kvar stad skal omfatte 24 informantar i dei nye opptaka. Dei skal ha god sosial spreiing, og vi reknar med ein halvtimes intervju med kvar. Alle opptaka skal digitaliserast og transkriberas t slik at vi kan gjennomføre nøyaktig analyse i ein søkbar elektronisk base. Ein skal ikkje bruke berre variablar som er markerte i sosiolingvistisk forstand, men prøve å kartleggje alle endringar uavhengig av om dei er objekt for sosiale verdiar eller ei . På den måten òg er perspektivet nytt og vidare enn i tradisjonell sosiolingvistikk. Vi skal undersøkje ulike typar samfunn for å kunne seie noko om korleis spesifiserte makrovariablar i storsamfunnet gir ulike rammer for språkendring. Ein kvantifiserin gsmodell blir brukt for å måle omfanget av språkendringane. Gjennom gruppeanalysar av informantane skal sosial variasjon og krefter på mesonivået studerast, og endeleg kan analysar av enkeltindivid gi oss forståing av korleis ev. ulike personhistorier gir vilkår for endringar (dvs. på mikronivået). Prosjektet vil òg undersøkje om den generelle tendensen i endringane er regionalisering, og om kva innverknad holdningar og språkmedvit har på endringsprosessen. Ved å avklare korleis sosiale faktorar påverkar vilkåra for språkendring, kan ein òg diskutere dei indrespråklege premissane for endring. Strukturlingvistisk og språkhistorisk er det fundamentalt viktige innsikter. Det eksisterer alt svært mange førestillingar om dialektendringane i samfunnet, for bå de dialektane og førestillingane har ein kulturell funksjon. Denne granskinga gir grunnlag for å kontrollere i kor stor grad rådande førestillingar er kulturelle førestillingar. Kultursosiologisk er det viktig.

Publications from Cristin

No publications found

Funding scheme:

ISPHUM-ISP - Humaniora