Back to search

ISPHUM-ISP - Humaniora

Språkkontakt og språkval i Nord-Norge

Awarded: NOK 2.2 mill.

Prosjektet søkjer å utvikle ein integrert sosiolingvistisk teori som kan gjere greie for premissane for språkval på mikro- og makronivå i ein språkkontaktsituasjon. Verdiar knytte til samisk og kvensk (fortidas morsmål), og i vår tid til dei norske etnole ktane i språkkontaktområda (notidas morsmål) og kva normkraft desse varietetane hadde og har, skal undersøkjast. Kva plass eit begrep om "norsk kulturarv" har i denne samanhengen, vil stå sentralt. Kunnskap om fortidig og notidig språk- og kulturkontakt i Nord-Norge vil kunne bidra til å korrigere forståinga vår av "norsk kulturarv", og såleis opne for bruk av eit utvida kulturarvbegrep i multietniske samanhengar også i andre delar av landet der den multietniske samasettinga rett nok er annleis, utan at d ei prinsipielle problemstillingane dermed blir det. Prosjektet er skreddarsydd for Hilde Sollid, og ho har sjølv vore sterkt inne i utforminga av det. Eit hovudaspekt vil bli testing av ein teori ho har lansert (Sollid 2007). Her foreslår ho tre faktorar som særleg relevante for våre språkval: språklege universialiar og universelle drag ved første - og andrespråkslæring, normkonsensus og autentisitet. Prosjektet vil undersøkje om teorien kan vere fruktbar for å få nærmare innsikt i språkval i språkkontak tområda i Nord-Norge, og om faktorane også gjer seg gjeldande for dagens språkbrukarar. Dette inneber at språkstrukturen i etnolektane vil måtte undersøkjast. Her er det valt å ha eit særleg fokus på inversjon i deklarativar. Ei anna viktig problemstillin g er kva funksjon og kva verdi morsmålet har ved språkval i språkkontaktsituasjonar. Materialet vil bli samla inn gjennom intervju fleire stader i landsdelen. Intervjumaterialet vil danne grunnlag for alle delanalysane, inkludert ein diskursanalyse med må l å identifisere diskursar knytte til normkonsensus, autentisitet og morsmålet. Tilnærminga vil vere meir kvalitativ enn kvantitativ, men i sjølve språkanalysen vil kvantitative metodar også kunne bli tatt i bruk.

Funding scheme:

ISPHUM-ISP - Humaniora