Back to search

HUM-Fagkomiteen for humaniora

Norske historiedagar 2008

Awarded: NOK 0.12 mill.

Det viktigaste innslaget på Norske historiedagar 2008 blir plenumsssesjonen 22. juni då rapporten frå den internasjonale komiteen som skal evaluera norsk historieforsking, legg fram sin rapport til diskusjon med norske historikarar for første gong. Den fa glege hovudsesjonen, på konferansens første dag, har tittelen "Korleis feira ein nasjonalstat i ei globalisert verd?" Utgangspunktet er å få ein grunnleggjande diskusjon om korleis historikarane skal bidra til 200-årsjubileet for den norske grunnlova i 20 14. Innleiarane skal kasta lys over dette frå ulike vinklar: Førsteamanuensis Odd Storsveen arbeider på eit 1814-prosjekt og står sentralt i det arbeidet historikarane ved UiO gjer i høve til 1814-jubileet. Professor Anette Warring (Roskilde) har skrive e i bok om danske grunnlovsfeiringar. Professor Olaf Aagedal (Diakonhjemmet Høgskole) har evaluert 1905-markeringane og vil koma med verdifulle erfaringar frå dette, mens stipendiat Kari Myklebost er knytt til prosjektet "Det asymmetriske naboskap: Norge o g Russland 1814-2014" og vil trekka inn det internasjonale perspektivet. Dette vil bli etterfølgd av ein paneldebatt. Det vil bli arrangert 15 parallelle sesjonar på ei rekke ulike tema (sjå vedlagte program). Felles for dei alle er at dei rapporterer og inviterer til diskusjon i høve til aktuell forsking. Vi vil særleg framheva sesjonane "Mangfald i historia" (leia av professor Einar Niemi), som er særleg aktuell fordi 2008 er "mangfaldets år" og ein sesjon om Nordområdehistorie (leia av professor Jens P etter Nielsen) som er særleg aktuell i høve til dagens forskingsprioriteringar. Det blir også tilbode ei rekke ekskusjonar med historiefagleg innhald. Det er kalkulert med mellom 150 og 200 deltakarar.

Funding scheme:

HUM-Fagkomiteen for humaniora

Thematic Areas and Topics

No thematic area or topic related to the project