Back to search

BIONÆR-Bionæringsprogram

Endra produksjonsmetodar for kålrot - nye tiltak og strategiar for kostnadseffektivt ugrasreinhald

Awarded: NOK 2.2 mill.

Kålrot er ein gamal matvekst knytt til tradisjonelle norske matrettar som har fått auka merksemd i seinare tid. Kålrotforbruket til mat er aukande i Noreg. Dyrkingsmetodane har blitt tilpassa etter utvikling av utstyr og tilgjengelege plantevernmiddel og kålrotdyrkinga framstår i dag som ein moderne og konkurransedyktig produksjon. Førstehandsverdien av matkålrotproduksjonen i Noreg er årleg ca 50 mill NOK. På kort tid har no dei agronomiske rammevilkåra endra seg drastisk ved at plantevernmiddel som ha r vore bærande element i produksjonen har falle ut. Bruk av insektnett innført for å avhjelpe, men nytten av denne metoden blei redusert og arbeidsmengda auka når ugrasmidlet Ramrod også blei borte. Næringa er svært opptatt av å få på plass gode metodar som kan nyttast straks. Sidan vi ventar at tilgongen av nye tilfredstillande ugrasmiddel er avgrensa i tida framover, er det avgjerande å koma opp med bærekraftige ikkje kjemiske metodar mot ugraset som også kan brukast i økologisk produksjon. Prosjektet har som delmål 1 å optimalisere dyrkingstekniske metodar der ein ved å endra dyrkingspraksis kan letta ugraskampen. Falsk såbed er ein metode der såbedet blir klargjort og ugraset fjerna før kålrota blir sådd. Ein annan metode er å gå frå å så kålrota ti l å planta. Delmål 2 er å få fram gode mekaniske og termiske tiltak som reduserer arbeidet med ugrasreinhaldet inne i rada. Her blir det satsa på utstyr som alt er kommersielt tilgjengeleg. Delmål 3 er å finna fram til gode kjemiske middel for bruk like e tter såing eller planting og kombinere desse med mekaniske metodar. Delmål 4 går på starte opp utvikling av robotisert automatisk ugrasreinhald i planterada. Rivande teknisk utvikling gjer det mogeleg å laga robotar som følgjer planteradene, leitar opp p lantene, skil mellom ugras frå kulturplanter og øydelegg ugraset med eigna utstyr. Ei bedrift som driv med robotisering og automatisering vil investera i utvikling dette utstyret for kålrot og radkulturar generelt.

Funding scheme:

BIONÆR-Bionæringsprogram