Back to search

BIONÆR-Bionæringsprogram

Haldbare plommer for jamnare tilførsel til marknaden, utviding av salssesongen og utnytting av eksportkvotar

Awarded: NOK 3.0 mill.

Dei viktige plommedyrkingsmiljøa og omsetningskanalane har gått saman om eit prosjekt om å gjera plommene meir haldbare. Dette er særleg viktig med sterkt aukande mengder som ein ventar dei komane åra. Med meir kunnskap vil det vera mogleg å: 1. Halda at tende plommer i veker med stor tilførsle, og dermed sikra jamnare tilførsler av norske plommer og unngå prisfall eller samanbrot i marknaden. 2. Forlengja salssesongen med 2-4 veker. 3. Eksportera plommer med tilfredsstillande resultat. Dette vil ein oppn å med betre kunnskap om lagringsevna til dei plommesortane me dyrkar i Norge. Ein vil studera korleis dette er påverka av dyrkingstiltak (mogningsgrad, plantevernstrategi mot soppsjukdomar, gibberellin sprøyting, dyrking under regntak og hausting med stil k mm). På fruktlagra vil ein optimalisera luftsamansetning, temperatur mm gjennom t.d. plastdekking av heile paller, plastfilmtypar for forbrukarpakningar mm. Dei to viktigaste faktorane som avgrensar kor haldbare plommene kan vera, er kor mottaklege dei er for soppsjukdomar og kor lett dei utviklar indre samanbrot. I samarbeid med forskarar m.a. i Milano vil ein prøva ut ikkjeøydeleggjande målemetodar som kan avdekka indre skader. For å kunna utnytta denne kunnskapen er ein avhengig av å ha godt progno severktøy. I samarbeid med Industridata (Spilde) som har utvikla Hardanger Fjordfrukt Medlemsportal og tilsvarande utstyr utprøvde i bærdyrkinga, vil ein etablera eit tenleg system som alle dei samarbeidande omsetningskanalane ynskjer å ta i bruk. FoU-an svarleg for prosjektet er Eivind Vangdal ved Bioforsk Vest Ullensvang. Prosjektet vil verta gjennomført med stor innsats frå alle partnarane og i nært samarbeid med norske og internasjonale FoU-miljø.

Funding scheme:

BIONÆR-Bionæringsprogram