Back to search

PUBL-Publisering/prosjektinform

Reformulating Russia: The Cultural and Intellectual Historiography of Russian First-Wave Émigré Writers

Awarded: NOK 20,000

Project Manager:

Project Number:

207955

Project Period:

2011 - 2011

Funding received from:

Organisation:

Partner countries:

Reformulating Russia er ein studie av fire klassiske russiske kultur- og idéhistoriske framstillingar: Georgij Fedotovs Helgenar i det gamle Russland (1931), Georgij Florovskijs Den russiske teologiens vegar (1937), Nikolaj Berdjaevs Den russiske idé (194 6) og Vasilij Zenkovskijs Den russiske filosofiens historie (1948/50). Desse forfattarane forlét alle heimlandet sitt etter bolsjevikane si maktovertaking og -konsolidering på slutten av 1910- og byrjinga av 1920-talet. I sitt eksil skapte dei ein i russi sk samanheng ny type historiografi, som primært var vigd russisk tru og tanke. Studien viser korleis denne nye historiografien er fundamentalt knytt til det vitale russiske emigrantmiljøet i mellomkrigstida (særleg i Paris) og til eksilsituasjonen, der Ru ssiske emigrantar såg seg sjølve som representantar for det sanne, ikkje-bolsjevikske Russland. Med sine forteljingar forsøker dei å gi sine russiske lesarar, som tekstane primært er vendt til, ei felles fortid og ein felles arv, som gjer notida og framti da meiningsfull. Trass i at dei deler dette utgangspunktet, skaper dei likevel, som vist i dei fire analysekapitla som utgjer hovuddelen av boka, høgst ulike og motstridande versjonar av denne fortida: tragisk (Fedotov), eskatologisk (Florovskij), hagiogr afisk (Berdjaev) og dialektisk (Zenkovskij). I analysane blir desse fire bøkene på den eine sida analysert som indikatorar på ein gitt historisk situasjon, og på den andre som faktorar som er i stand til å påverka denne situasjonen og ikkje minst oppfatni nga av han. Samla sett gjev avhandlinga utfyllande kunnskap om korleis desse eksilforfattarane konstruerer ei samanhengande, nasjonal ånds- eller idéhistorie og korleis dei skaper bestemte mønster i fortida. Ho gjev oss også ei djupare forståing for det s ituasjonelle ved slike prosjekt. Gitt den store lesarskaren og påverknaden desse tekstane har hatt innanfor russiskfaget, representerer ho dessutan eit viktig bidrag til faghistoria og den faglege sjølvrefleksjonen.

Funding scheme:

PUBL-Publisering/prosjektinform