Back to search

DIV-INT-Annet internasjonalt samarbeid

Northern Research Basin 2011

Awarded: NOK 0.20 mill.

Northern Research Basin er ei arbeidsgruppe etablert i 1975 under det Internasjonale Hydrologiprogrammet. Formålet for gruppa er å fremme hydrologisk forskning i områder på den nordlege halvkule der snø, is og frosen mark har avgjerande betydning. Arbeids gruppa møtest kvart andre år og så langt er det arrangert 17 symposium. Ansvaret og lokalitet for arrangementet rotere mellom nasjonane som er involvert i NRB. Det 18ende symposiet vil bli arrangert i Norge, nærare bestemt i fjordane på Vestlandet i perio den 15 - 20 august 2011. I alle tidlegare NRB symposium er det lagt vekt på å presentere områder der is, snø og vatn i relasjon til kaldt klima har stor innflytelse på lokale forhold og områder der nasjonane har fokusert sine satsingar på forskning relate rt til desse problemstillingane. Symposiet har eit omfattande fagleg program med 7 sesjonar med tema som observasjon og samanstilling av informasjon om hydrologisk tilstand frå ulike kjelder (dataassimiliering), observasjon av snønedbør, internasjonalt samarbeid om forskningsfelt (super sites), kaldklimahydrologi i relasjon til økosystem og opne sesjonar. Fleire av sesjonane vil bli innleia av internasjonalt ledande personar på desse områda. Det er forventa rundt 70 deltakarar på symposiet inkludert in viterte foredragshaldarar og studentar. Meir informasjon om sjølv arrangementet er tilgjengeleg på http://sites.google.com/site/18thnrb/. Forskning på vassressursar i nordområda er sentrale. Viktige tema som kan nemnast her er effekt av klimaendringar og framtidig utvikling av næring og industri. Norther Research Basin er ein viktig arena der forskarar innan fagfelt relatert til vassressursar møtast for å utveksle forskningsresultat. Norsk Hydrologiråd står som formelt ansvarleg for Norges engasjement i Norther Research Basins, der Dr. Oddbjørn Bruland, er Norges representant og leiar i arrangementskomiteen. Søkar er styremedlem i hydrologirådet og rådets representant i komiteen.

Funding scheme:

DIV-INT-Annet internasjonalt samarbeid