Back to search

HAVBRUKS-Havbruk - en næring i vekst

Oppstartskonferanse "AHA 1" med vekt på kunnskapsformidling av FoU relatert til problestillingar akturelle for Sognefjorden.

Awarded: NOK 29,279

Målet med AHA er å utvikle ein modell for kunnskapsbasert akvakulturforvalting, både på tvers av kommunegrenser og på tvers av forvaltningsnivå og -organ. Ein vil gjennom denne prosessen utvikle ein ny samhandlingsmåte i forvaltninga. Som arena for gjenno mføring av prosjektet har ein vald Sognefjorden Indre deler av Sognefjorden er verna som nasjonal laksefjord (frå Høyanger og inn), med fem tilhøyrande nasjonale lakseelvar. Tilstanden i lakseelvane er variabel, men påslag av lakselus og innslag av oppdr ettsfisk er høgare enn ynskjeleg. Fritidsfisket har i dei seinare åra gått tilbake. Det er i den seinare tid uttrykt uro for om auka akvakulturverksemd i ytre deler av fjorden har negativ påverknad på dei ville laksestammane lenger inne. I tillegg ynskjer ein å sjå samla på også andre faktorar som kan påverke villaksen: m.a. utbygging av småkraftverk og lysfiske etter brisling. I ytre delen av Sognefjorden er det 38 lokalitetar for matfisk produksjon av laks og aure. Total biomasse var på ca. 30 000 MTB. Først og fremst er det nedgang i tal villaks, sjøaure og tid-/stadvis høgt påslag av lakselus og rømming av oppdrettslaks som gjev grunn til bekymring. Akvakultur er ei stor og viktig nasjonal og regional inntektskjelde. Sogn og Fjordane fylkeskommune vi l gjennom sitt virke med tilrettelegging for næringsutvikling fortsette arbeidet med å legge til rette for at næringa skal ha gode moglegheiter til vidare utvikling i vårt fylke. Men, på same tid vil vi fokusere på at ei utvikling og vekst av næringa ogs å må være økologisk berekraftig og vi ynskjer ei betre heilskapleg forvaltning av dei marine ressursane. Formidlinga av kunnskap gjennom oppstartskonferansen vil vere ein viktig premissleverandør for dei vidare aktivitetane i AHA. Den vil gje forvaltning og næringsaktørar ei felles plattform for vidare samhandling.

Funding scheme:

HAVBRUKS-Havbruk - en næring i vekst