Back to search

HOYKOM-Høyhastighetskommunikasjon

Breibandaksess Vest-Telemark til udekka husstandar.

Awarded: NOK 1.5 mill.

Situasjonen i Vest-Telemark etter fleire rundar med breibandutbygging er at det ikkje er att store samanhangande område der det manglar tilbod om breiband via ADSL, fiber eller radio. Dei delane som nå står att, har typisk så lang avstand til telefonsent ral at signal på kobberkablane ikkje når fram og/eller at sambandet er svært ustabilt i kombinasjon med låg kapasitet. Det finst også område der det teknisk sett er mulig med fibertilknytning, men der kostnaden med dette er forholdsvis høg. Nexia har gj ort ei landsdekkande kartlegging av område/husstandar der det manglar tilbod om breiband. Resultatet av denne kartlegginga har vi tatt ein kontroll på ved hjelp av netteigarar og tilbydarar av breiband i regionen. Resultatet av denne etterkontrollen er at ein del av dei aktuelle funna til Nexia likevel har tilbod om breiband av akseptabel kvalitet og pris. Det er i tillegg funne eit område som ikkje har kome med i Nexia si kartlegging.

Funding scheme:

HOYKOM-Høyhastighetskommunikasjon