Det nasjonale trygdeforskningsseminaret er blitt arrangert årleg i 38 år, og samlar trygdeforskarar frå ulike fag og disiplinar (økonomi, medisin, psykologi, sosiologi, jus og statsvitskap) samt personar med trygd som arbeidsfelt frå departementa, NAV, Trygderetten og ulike organisasjonar. Arrangør i år er Gruppe for trygdeøkonomi ved Institutt for økonomi UiB, Uni Research Rokkansenteret og Nasjonal folkehelseinstitutt avd Bergen. Årets seminar går av stabelen mandag 1. og tysdag 2. desember 2014 på Radisson Blu Royal Hotell Bryggen i Bergen. Det blir lagt opp til ein konferanse med inviterte innlegg frå norske og utanlandske trygdeforskarar (sjå vedlagt program). I tillegg planlegg vi sesjonar med innsende bidrag. Her opnar vi for innlegg om alle typar trygdeproblemstillingar. Vi reknar med ca. 95 deltakarar. Foreløpig program vedlagt.