Back to search

IKTPLUSS-IKT og digital innovasjon

Felles IT-konferanse (NIK/NOKOBIT/NISK)

Awarded: NOK 49,999

Felles IT-konferanse er ei ny paraplynemning for fleire konferansar som har vore samlokaliserte i mange år. Me vonar at paraplynemninga vil framheva det felles arrangementet og trekkja til oss nye deltakarar som ikkje har band til einskildkonferansane frå før. NIK (Norsk informatikkonferanse) har vore arrangert årleg sidan 1988. Det er ein felles arena for forskarar og praktikarar som er interessert i å utvikla kunnskap i informatikk. Konferansen tek opp både teoretiske og praktiske emne. NOKOBIT (Norsk konferanse for organisasjoners bruk av informasjonsteknologi) har vore holdt årleg sidan 1993. Det er ein nasjonal konferanse innan informasjonssystem og informasjonsvitskap. Konferansen tek i hovudsak opp tema knytte til utvikling, implementering og bruk av IKT i organisasjonar, og samfunnsmessige problemstillingar ved IKT. Konferansen er ein felles arena for forskarar og praktikarar interesserte i å utvikla kunnskap innan fagfeltet. NIK og NOKOBIT har vore samlokalisert sidan år 2000. NISK (Norsk informasjonssikkerhetskonferanse) er fagleg organisert av FRISC-nettverket for informasjonssikkerheit, og er dermed tett knytt til dei aller sterkaste sikkerheitsmiljøa i landet. UDIT (Utdanning og didaktikk i IT-faga) er eit nytt spor av året, organsiert i samarbeid mellom NIK og NOKOBIT men med eigen programkomité. Målet er å inspirera til meir diskusjon om utdanning og læring innanfor IT-faga og samstundes styrka fellesskapet mellom dei tre konferansane. Konferansane vert arrangert av ulike lærastader frå år til år. Dei siste fire åra har me vore i Tromsø, Bodø, Stavanger og Fredrikstad. Konferansane er den desisdert viktigaste nasjonale samnlingsplassen for forsking innanfor desse faga. Konferansane har eit internasjonalt tilsnitt, der fleirtalet av artiklane og mange presentasjonar er på engelsk, og den faglege kvaliteten skal vera på internasjonalt nivå. Med målet om å dekkja breidda av IKT-forsking i landet, dekkjer me òg heile breidda av mål i IKTPLUSS.

Funding scheme:

IKTPLUSS-IKT og digital innovasjon