The Teknoløft Sogn og Fjordane project aims to build capacity and expertise in digitalisation and automation, in particular on robotics and big data, at the Western Norway University of Applied Science and Western Norway Research Institute through the education of PhD candidates and conducting research in close cooperation with local enterprises.
The project is cooperating closely with local enterprises and has contributed to a number of proposals for new innovation projects financed by the Research Council of Norway. The project is currently involved in three IPN-projects for companies in the region, and has in 2022 been awarded and started a researcher project for technological convergence related to Enabling technologies on Big Data. The project is also starting a collaborative KSP-project on robotic production of fruit and berry in 2023. In total, the project is involved in – including spin-off-projects – research projects with a total budget of more than 150 million kroner in the region.
The scientific dissemination from the project is good, , and the research capacity in the research institutions is strengthened through new researchers to further enable research-based innovation projects for local enterprises. The project has also established a new master degree in ICT Engineering: Applied computer science and engineering at the Western Norway University of Applied Sciences starting in 2023.
The project has reached the goal of creating viable research groups in big data and in robotics, and to double funding for research-based innovation in the region.
Teknoløft Sogn og Fjordane skal auke kapasitet og kompetanse i forskingsmiljøa ved Høgskulen på Vestlandet og Vestlandsforsking på områda digitalisering og automatisering. Målsettinga er at meir relevante forskingsmiljø i regionen skal føre til at næringslivet i større grad etterspør forsking for utvikling og innovasjon, og at prosjektet skal stimulere til nye samarbeid om forsking og innovasjon med partnarar i og utanfor Norge.
Dei to hovudsatsingane i prosjektet er å utvikle kompetanse på meir fleksibel automatisering med robotar i små og mellomstore bedrifter, og å utvikle meir næringsretta kompetanse innan stordata (Big Data) som kan gjere det lettare for bedrifter å ta i bruk data til innovasjon og omstilling. Satsingane skal auke toppkompetansen i fou-miljøa og utdanne nye doktorgradsstipendiatar i næringsrelevante problemstillingar. For å auke tilgangen på relevant og kompetent arbeidskraft i fylket skal prosjektet og utvikle nye næringsrelevante etter- og vidareutdanningstilbod, og har som mål å utvikle ei masterutdanning i robotikk og digitalisering.
Dei fleste bedrifter vil før eller seinare måtte omstille seg drastisk for å møte det digitale skiftet. Målsettinga for Teknoløft Sogn og Fjordane er å bidra til å lette omstillinga i bedriftene gjennom deling av kunnskap, problemstillingar og kompetanse mellom fou-miljø og næringsliv. Prosjektet rettar seg mot eit breitt spekter av små og mellomstore bedrifter i Sogn og Fjordane, og tek sikte på å stimulere flest mogleg av dei til eit løft på områda digitalisering, robotisering og automatisering. Slik kan næringslivet ta aktivt del i det digitale skiftet .
Prosjektet vil særleg legge vekt på samarbeid med IT-bedrifter som er langt framme når det gjeld digitalisering av produksjon og tenesteyting, og med produksjonsnæringar og energibransjen i Sogn og Fjordane. Prosjektet har som mål at den næringsretta forskingsbaserte innovasjonsaktiviteten i Sogn og Fjordane minst skal doblast i løpet av prosjektperioden.