Back to search

FORKOMMUNE-Forskning og innovasjon i kommunesektoren

Helsefremmande samarbeid for å styrke arbeidsdeltaking

Awarded: NOK 0.30 mill.

Eit tettare og meir strukturert samarbeid mellom friskliv i kommunane, lokale helsetenester, lokalt Nav, arbeidsgjevar og spesialisthelsetenesta, kan bidra til å heve kompetansen i kommunane og sikre kvalifisert oppfølging av sjukemelde personar med særlege behov, på eit tidlegare tidspunkt enn i dag. Vinje kommune (modellkommune 1) ynskjer difor i dette prosjektet å utvikle ein lokal modell for eit saumlaust tenestetilbod, som bidreg til å hindre fråfall og utanforskap blant kommunen sine innbyggjarar. Vi vil særleg ha fokus på å styrke den koordinerte innsatsen for innbyggarar som står i fare for langtidsfråver frå arbeidslivet. Modellen skal vere kunnskapsbasert og inkludere eit lågterskel frisklivskurs, samt tilbod om ambulant arbeidsretta spesialistvurdering i eit samarbeid mellom kommunale helsetenester, spesialisthelsetenesta, arbeidsplass og lokalt NAV. Ein annan distriktskommune (modellkommune 2) velgast ut for tilsvarande tenesteutvikling tilpassa sin lokale kontekst. I forprosjektet vil vi bruke metodikk for tenesteinnovasjon tilrådd av KS. Brukarar rekruttert frå kommunalt frisklivstilbod vil vere viktige bidragsytarar i innovasjonsarbeidet gjennom deltaking i workshops og som informantar i forskingsprosessen. Dei to lokalt forankra tenestemodellane vil kunne inspirere kvarandre i utviklingsfasen og gjennom forskingsbasert innovasjonsarbeid og følgeforsking avdekke felles og særeigne tilhøve i implementeringsfasen og i dagleg drift. Samarbeidande forskingsinstitusjonar er Nasjonal kompetansetjeneste for arbeidsrettet rehabilitering og Høgskolen Sør Øst. Prosjektet vil følge utvikling og endring av tenesteoppfølginga i dei to modellkommunane med følgeforsking basert på prosessevaluering og implementeringsanalyse.

Funding scheme:

FORKOMMUNE-Forskning og innovasjon i kommunesektoren