Personar med sår har ofte lange opphald i sjukehus og sjukeheimar. I tillegg til direkte behandlingsrelaterte kostnadar, har sår også stor påverknad på brukaren sin morbiditet, mortalitet og livskvalitet. Virtuell teknologi har høve til å bli eit viktig supplement til det nåverande polikliniske tilbodet, ved at heimesjukepleien og spesialisthelsetenesta samarbeider virtuelt om å fylgja opp såra frå pasienten sin heim. Noverande tekniske og virtuelle løysingar må midlertid bli betre for at dette skal la seg gjera.
Aktuelle prosjekt tek sikte på å utvikla meir brukarvenlege tekniske og virtuelle løysingar for å effektivisera, tryggja og gjera samspelet meir forutsigbart mellom dei som mottek og dei som yt omsorg.
VINTAGE-prosjektet skal designa einskapleg behandling ved hjelp av fleire del- løysingar, lokalisert til;
i. Eit fysisk rom på sjukehuset for behandling av tenestemottakaren.
ii. Tenestemottakaren sin bustad.
iii. Eit virtuelt rom for samarbeid med klinikarar frå andre delar av spesialisthelsetenesta, men der dei samarbeidande klinikarane fysisk er lokalisert andre stader, t.d ved andre sjukehus.
iv. Virtuell opplæring og undervisning av helsepersonell og brukarar er ein viktig del av desse del- løysingane.
Utstyret i det virtuelle rommet må designast slik at naudsynt informasjon kan utvekslast, samt ha dei naudsynte funksjonane for optimal avgjerdsstøtte. Avhengig av behandlingstilbodet, vil eventuelt nytt ekstrautstyr kunna knytast til rommet.
Hovudprinsippet i det virtuelle sårrommet byggjer på "Design Thinking Modellen" der designprosessen startar med å utforska dei nøudsynte nøkkelparametera som trengs til eit slikt rom. Dei mest nøudsynte funksjonane vil verta spesifisert, konseptualisert og evaluert. Den beste designløysinga vil bli implementert og kvantitativt- og kvalitativt evaluert. Sluttproduktet vil bli ferdigstilt saman med både mottakarar av omsorga, og av helsepersonell. Løysingsmodellen vil så bli overført også til andre brukarar.