Back to search

INT-BILAT-BILAT-ordningen

Global Growth USA/Canada 2019

Awarded: NOK 99,999

Project Number:

298759

Project Period:

2019 - 2019

Funding received from:

Internasjonalisering er ei strategisk hovudsasting i NCE Maritime CleanTech. I dette prosjektet presenterer me utvalde bedrifter for moglege samarbeidspartnarar i statane Washington (USA) og British Columbia (Canada). Felles for desse statane er ambisiøse mål og planar for kutt i utslepp frå maritim sektor, ein sektor der norske utviklingsaktivitetar er verdsleiande. På turen skal deltakande klyngebedrifter møta representantar frå næringsliv og FoU-aktørar. I delegasjonen vår deltar òg klyngepartnar Høgskulen på Vestlandet og Innovasjon Norge. På dei ulike møtene får klyngebedriftene presentera verksemda si, samt knyta kontakter på tvers. Studieturen er eit grunnlag for vedvarande forretnings- og forskingssamarbeid, noko som igjen kan bidra tilverdiskaping og vekst. Me skal òg møta klyngeinititativ i både Vancouver og Seattle om vidare klynge-til-klynge-samarbeid, noko som òg kan generera ytterlegare FoU-aktivitetar på tvers av landegrensene. I både British Columbia og Washington finst det leiande aktørar innanfor viktige felt for utvikling av nyare løysingar til maritim sektor. Både når det gjeld bioenergi, vannkraft, vind, brenselceller og LNG, alt relevant for klynga vår. Studieturen legg opp til eit vekesopphold i januar/februar 2019. Innovasjon Norge har laga eit relevant program for besøk og matchmaking (vedlagt i søknad). Ferjeaktørar, hamner, energiaktørar og universitet er blant organisasjonar som skal besøkast. Blant FoU-miljø som skal møtast er University of British Columbia, Marine Technology Center og Seattle Maritime Academy NCE Maritime CleanTech fokuserer på styrka marknadsorientering og internasjonalt kunnskapsarbeid. Turen skal styrka vidareutviklinga av internasjonalt FoU-arbeid, som vidare kan føra til etablering av internasjonale FoU-prosjekt, også retta mot EU-utlysingar. I etterkant av turen skal bedriftene i samarbeid med Innovasjon Norge peika ut kva bedrifter/aktørar ein ønsker å besøka igjen i del 2 av prosjektet i 2. kvartal 2019.

Funding scheme:

INT-BILAT-BILAT-ordningen

Thematic Areas and Topics

No thematic area or topic related to the project