Back to search

FORKOMMUNE-Forskning og innovasjon i kommunesektoren

Utvikling av hydrogen-løysinger og hydrogen-verdikjede med utgangspunkt i småkraftverk som har «innestengd kraft».

Awarded: NOK 0.25 mill.

Project Number:

304000

Project Period:

2019 - 2019

Innstengd kraft (eng: 'stranded energy') inneber at eit geografisk område har større produksjon av elektrisk kraft enn det linenettet (infrastrukturen) har kapasitet til å bringe ut av området (til overordna nett/regionalnett). Konsekvensen er at sjølv om eit kraftverk har løyve (konsesjon) på produksjon av ei gitt mengde kraft, får ein ikkje eksportert den ut av området i periodar med større produksjon enn det nettet kan ta i mot. Konsekvens: redusert økonomi. Problemstillinga er relevant i mange delar av landet. For å ta ut heile potensialet i kraftproduksjonen vil det i mange høve vere god økonomi å produsere hydrogen av overskottskrafta til bruk som energiberar til t.d. transport - gitt at ein har avsetnad. Teknologien med produksjon av H2 er velkjent og i utgangspunktet enkel, teknisk sett. Den største utfordringa er likevel at ein her har med eit teknologiskifte å gjere. Ein må gjennom konkrete prosjekt synleggjere og dokumentere produksjonspotensial, økonomi, klimaeffektar m.m. som er så tydelege at dei framstår som gode og realistiske alternativ til eksisterande teknologi. Kvalitetssikring av pilotprosjekt vil vere avgjerande for at aktørar, t.d. ferjeselskap turer satse på slike teknologisprang. Sjølv om dei tekniske løysingane finst (elektrolyse) trengst det ein del utvikling, utprøving og meir optimalisering av løysningane. Det er DETTE prosjektet skal sjå nærmare på, t.d. optimering av tekno-økonomiske modellar (lønsamt business-case), optimalisering av dimensjonering og drift, betre forståing for drivarane m.o.t. lønsam produksjon og simuleringar. Se nærmere om teknologiområder i vedlegget som supplerer opprinnelig søknadsskisse. Rapporten frå KLIMASATS-prosjektet Hellesylt Hydrogen Hub (HHH) (kan ettersendast på e-post) viser at slike prosjekt er økonomiske og teknologisk realiserbare, men det er avgjerande å få på plass enno betre kvalitetssikra dokumentasjon av produksjon og verdikjede.

Funding scheme:

FORKOMMUNE-Forskning og innovasjon i kommunesektoren