The aim of this project was to develop new knowledge how to grow sweet cherry trees in pots in high tunnels and produce high fruit quality in an environmentally friendly way. High density orchards with rain covers are the most common system for preventing fruit cracking in Norway using multibay high tunnel systems or retractable rain covers. The total sweet cherry production in Norway is currently 179 ha. The acreage has decreased the last years. However, the production is stable with a small increase per year after high tunnels production started. One more advanced way of producing sweet cherries is to grow the trees in small pots in greenhouses or high tunnels. Preliminary results showed that the yield potential is much higher than in the open fields and producing larger fruits. Challenges are to optimize the water and nutrition supply and adjust the temperatures to obtain large yields of high quality fruits during different periods of the season.
The international literature about fertilization in soil and substrate of cherry trees is reviewed and a publication compiled. Field trials started in the spring 2020 and continued the next three seasons at NIBIO Særheim and NIBIO Ullensvang in high tunnels growing sweet cherry trees in pots with substrates where all elements were provided through fertigation regimes to individual trees. Three different fertilization regimes were testing: All the essential minerals are provided through the drip water system, as slow releasing minerals grains in pots and as leaf applications.
The trees who received the essential minerals through the water drip system achieved the largest yields of high quality fruit. In addition experiments with different cultivars and two training systems, spindle trees and UFO (Upright Fruiting Offshoots) were tested. Monitoring of production system at growers’ level are done and economical figures are calculated. The results were implemented regular to the fruit industry and published.
The project owner was Ryfylke Frukt SA in cooperation with the other fruit packing plants Hardanger Fjordfrukt SA, Nå fruktlager SA, Ullensvang Fruktlager SA, the fruit tree import company Plant Smart AS and the fruit growers Geirmund Helgøy, Johannes Hauge, Kristen Helgøy, Øystein Valheim, Andreas Kvame , Øystein O. Spilde and Simen A. Myhrene. NIBIO Ullensvang was R&D responsible i cooperation with University of Belgrade, Serbia and Norwegian sweet cherry growers.
Førefallet med dette prosjektet var å skaffa fram ny kunnskap slik at dyrkingsteknikken med intensiv søtkirsebærproduksjon i potter skal gje ein framtidsretta, effektiv og lønsam produksjon av søtkirsebær i tunnel. All kommersiell produksjon i Noreg vert i dag dyrka under plastdekte tak eller tunnelar, hovudsakleg på friland, for å unngå sprekking av fruktene og oppnå høg kvalitet.
Dyrkingsteknikken for søtkirsebærdyrking er langt på veg den same i Noreg som i andre land. Dyrking av søtkirsebærtre i substrat er pionærarbeid innan internasjonal forsking og dermed ny innovasjon både i Noreg og utanlands. Det krevst mykje større presisjonsgrad med å gje vatn og næring til eit avgrensa substratvolum. Det vart gjennomførst eit litteratursøk frå internasjonal og norsk litteratur og skrive ein rapport om tilføring av makro- og mikronæringsemne til jord, gjennom dropevatningsystemet jord/substrat og til blad.
Det vart gjennomført feltforsøk med søtkirsebærtre dyrka i potter i plasthus/tunnel i fire vekstsesongar. Trea som fekk gjødselvatning gjennom dryppa med ledetal 1 gav signifikant størst avling med opptil 10 kg per tre for sorten Regina i 2021. Det var ingen skilnad mellom fruktvektene for dei ulike gjødselbehandlingane og fruktene var store. Auka nitrogentilførsel reduserte sukkerinnhaldet i fruktene.
Alle treformingssystem har som føremål å byggja opp eit tre som har potensiale til å produsera store avlingar med kvalitetsfrukt. Sortane som vert dyrka i søtkirsebær i Noreg, er internasjonale og stammar hovudsakleg frå Canada, USA og Europa. Våren 2020 vart ulike søtkirsebærsortar poda på grunnstammene Gisela 3 og 5 og forma som spindeltre og UFO potta inn i ein plasttunnel ved NIBIO Ullensvang. Pottene fekk tilført gjødeselvatn med ledetal 1 frå vår til september. Sorten Tamara gav størts avling andre og tredje året etter innpotting med 6 og 8 kg per tre. Fruktene var store uavhengig av dei ulike kombinasjonane med gjennomsnitt 10.5 g andre året og 12.6 g tredje året.
Det økonomiske resultatet frå dyrking av søtkirsebær i potter vart samanlikna med det ein oppnår i tradisjonell søtkirsebærdyrking i tunnel der trea var planta i jord med større avstand.
Planting av kraftige 2-årige tre korta ned etableringsperioden, og ein kan oppnå gode avlingar etter 3-4 år. Sorten Tamara hadde høgast resultat med Lapins som ein god nummer to. Avlingsnivå er den viktigaste økonomiske faktoren. I prosjektet har det vore registreringar i veksthus, tunnelar og 3-strengssystem. Det var høgare avling og økonomisk resultat på spindelfelt enn UFO. Ulike dyrkingsmedium som jord, potter og sekker har også vore sett på i prosjektet. Resultat frå enkeltfelt viser at det er fullt mogleg å oppnå god økonomi ved å dyrke søtkirsebær i andre vekstmedium enn jord.
Prosjektet har gjeve oppdatert kunnskap om dyrking av søtkirsebær i potter med tilføring av vatning og næring som gjødselvatning og økonomien av dei ulike dyrkingsmåtane i søtkirsebær.
Føremålet med dette prosjektet er å skaffa fram ny kunnskap slik at dyrkingsteknikken med intensiv søtkirsebærproduksjon i potter skal gje ein framtidsretta, effektiv og lønsam produksjon av søtkirsebær i tunnel. All kommersiell produksjon vert i dag dyrka under plastdekte tak eller tunnelar hovudsakleg på friland for å unngå sprekking av fruktene og oppnå høg kvalitet. Søtkirsebærdyrkinga i Noreg har vore minkande dei siste 20 åra og er no i underkant på 2000 daa. Intensiv, produksjon av søtkirsebær i potter i veksthus/tunnel er ein ny produksjonsmetode både i Norge og resten av verda. I Rogaland har ei gruppe med veksthusprodusentar, saman med NIBIO Særheim gjennomført eit utviklingsprosjekt for å prøva ut denne dyrkingsmetoden. Førebels resultat er lovande. Substratproduksjon av søtkirsebær i potter med dryppvatning, gjev svært gode veksevilkår og store avlingar. Men det er ei utfordring å styra veksten gjennom heile omløpet på 8-10 år. For å lukkast er ein avhengig av samspelet mellom ei rekkje faktorar, som val av sort/grunnstamme, klimastyring, vatn- og næringstilføring, formings- og skjerings-strategi, og fruktsetjing. Innleiingsvis skal det skaffast oversikt over kunnskapsstatusen frå internasjonal litteratur, gjennomgang om næringsopptak og gjødseltilføring hjå søtkirsebærtre dyrka i jord og substrat. Det skal gjennomførast feltforsøk med søtkirsebærtre som står i potter med substrat for å finna optimal næringstilføring og vatning for å sikra høveleg vekst, stor avling og god fruktkvalitet. Tilsvarande skal det prøvast ut av sortar og forming av trea for intensiv produksjon i potter. Noverande og nytt dyrkingsopplegg skal kartleggjast hjå dyrkarar med verknad på avling, kvalitet og økonomi. Det skal gjennomførast feltforsøk over ein periode på fire år ved NIBIO Særheim og Ullensvang og hjå dyrkarar, gjera kunnskapen kjend til norske fruktdyrkarar og publisera resultata.