Back to search

INT-BILAT-BILAT-ordningen

Norsk maritim miljøteknologi i Kina

Awarded: NOK 98,999

Project Number:

310313

Project Period:

2019 - 2019

Funding received from:

Organisation:

Klyngeorganisasjonen NCE Maritime CleanTech har ein gjennomgripande internasjonaliseringsstrategi. Denne strategien legg vekt på styrka global marknadsorientering og internasjonalt kunnskapssamarbeid, som er basert på klyngedeltakarar sitt ønskje om styrka internasjonal forankring. Deltakande bedrifter frå klynga ønskjer å selga sine løysingar/produkt til utlandet, i tillegg til å danna vedvarande relasjonar med utanlandske aktørar, så eit studieopphald er svært relevant. Samarbeid med utenlandske aktørar skal også danna grunnlag for kunnskapsoverføring og felles teknologiutvikling gjennom prosjekt. Kina er aktuell destinasjon fordi landet blir eit stadig viktigare havsenter og skipsbyggingsnasjon som no har styrka si satsing på implementering av klima- og miljøvennlege løysingar. Det kan gje norske bedrifter og spesielt klyngepartnarar som deltek frå NCE MCT som er verdsleiande når det gjeld utvikling og realisering av grøne teknologiar i maritim sektor store moglegheiter. Men ettersom Kina blir betrakta som ein kjevjande marknad, som det er utfordrande å bygga relasjonar i, blir det lagt opp til eit studieopphald kor norske verksemder enklare skal forstå kulturen og næringslivet i Kina, samt møte representantar frå bedriftene fysisk, noko som kan gjera det enklare å danna vedvarande relasjonar. Studieopphaldet skal legga til rette for at bedrifter kjem inn på marknaden utan risiko og høge kostnader. Studieopphaldet legg opp til to ulike arrangementer som pågår over ei veke. - Global Growth China Green-Tech R&D Commercialization: Programmet er etablert av Innovasjon Norge og målet er å posisjonere norske selskap mot partnarar i Jiangsu Provinsen i Kina. - Norway-Asia Business Summit 2019: Arrangementet blir arrangert i Shanghai frå 31. okt. til 2. nov. og er den viktigaste møtearenaen mellom norske og asiatiske forretningsleiarar

Funding scheme:

INT-BILAT-BILAT-ordningen