Back to search

ENERGIX-Stort program energi

International Conference on Maritime Hydrogen and Marine Energy 2020

Awarded: NOK 99,999

Project Number:

312634

Project Period:

2020 - 2020

Funding received from:

Organisation:

Konferansen har som mål å samle verdsleiande aktørar innan hydrogenteknologi og marin energi for å bidra til reduksjon av klimagassutslepp i maritim sektor. Konferansen skal bidra til å styrke Noreg sin posisjon og legge grunnlag for omfattande eksport av miljøvennlege teknologiske løysingar. Det finst ikkje andre konferansar i verda som har maritim hydrogenteknologi som hovudfokus. Konferansen har difor blitt ein viktig møteplass for dei fremste fagmiljø innan maritim hydrogenteknologi og leiande internasjonale fagmiljø. Noreg er blant dei leiande innan maritim hydrogenteknologi. For å sikre utvikling og verdiskaping er det viktig å samle næringsliv, forsking, akademia, finans og offentleg verksemd. Prosjektsøkarane har eit stort internasjonalt nettverk, inkludert leiande personar frå industri og FoU. Konferansen samlar desse til føredrag og workshops. Kunnskapsdeling bidrar til å løyse teknologiske utfordringar, og sikrar ein stabil og rein energiforsyning til mellom anna til øysamfunn og kystnære regionar. Konferansen skal skape ein arena for dialog, konkretisere problemstillingar til FoU, ha workshops om maritime hydrogenløysingar, fasilitere 10 møte mellom norske og utanlandske aktørar, legge til rette for at organisasjonar kan ha side-arrangement, og nytte digitale kanalar til formidling. Kopling av næringsliv, forsking, akademia, finans og offentleg verksemd vil bidra til realisering fleire maritime hydrogenprosjekt. Nasjonalt og internasjonalt er reduksjon av klimagassar sentrale mål. Kombinasjonen av at Noreg er leiande innan sjøfart og utviklinga av nullutsleppsteknologi med stort eksportpotensiale gjer den globale effekten av utvikling av norsk maritim hydrogenteknologi stor. Konferansen har stor verdi for FoU-prosjekt fordi den samlar leiande fagpersonar til diskusjon. Arrangementet støtter opp under fleire forskingsprogram og -senter. FoU- og universitetsmiljø er aktivt deltakande på konferansen, både med programinnslag, workshops og møte.

Funding scheme:

ENERGIX-Stort program energi