Back to search

MILJØFORSK-Miljøforskning for en grønn samfunnsomstilling

'The decade of restoration - nature management for the future.' Norsk økologisk forenings konferanse 2021

Awarded: NOK 33,287

Norsk økologisk forening (NØF) er kontaktforum for økologar i Noreg, og fremjer økologi som fag i norsk, nordisk og internasjonalt perspektiv. NØF vart re-etablert i 2011 og har hatt ein formidabel vekst i medlemsmassen. Dei bi-annuelle konferansane er våre viktigaste fora, og dei har samla 200 deltakarar, hovudsakleg frå universitets- og instituttsektoren. Det er ingen andre tilsvarande fora i Noreg. Hovudtema for NØF-konferansen 2021 er restaurering av ødelagt natur. Kampen mot naturøydelegging og restaurering av øydelagt natur står sentralt i arbeidet for å ta vare på biologisk mangfald og økosystemtenester som samfunnet er avhengige av, slo IPBES fast i 2019. Nylig erklærte FN 2021-2030 til ‘Decade on ecosystem restoration’, og peika på restaurering av natur er nødvendig for å bekjempe klimendringar, auke matsikkerheit, betre vasstilgang og sikre biologisk mangfald. Økologisk forståing ligg til grunn for utvikling av suksessfulle restaureringsmetoder. Ved å setje søkelys på restaurering vil NØF-konferansen gjere samfunnet betre i stand til å møte framtidas utfordringar. Særleg det aukande behovet for fornybar energi i Noreg vil føre til store naturinngrep i åra som kjem. Det fører i sin tur til eit stort behov for kunnskap om korleis vi skal unngå å skade naturen, og korleis vi skal reparere øydelagd natur. Konferansen er eit viktig bidrag til å auke kunnskapen om dette blant økologar, slik at dei kan gje myndigheiter og utbyggjarar gode råd. Sjølv om konferansen har eit spesielt fokus på restaurering av natur, inviterer vi deltakarane til å halde fagpresentasjonar om heile breidda av økologisk relevante tema. Tre inviterte foredrag, ei rekke fagpresentasjonar og praktiske workshopar om formidling, undervisning og forvalting sikrar ein fagleg interessant konferanse. Brei invitasjon til økologar i ulike samfunnssektorar sikrar ko-produksjon av relevant kunnskap for ei styrka forvalting av norsk natur.

Funding scheme:

MILJØFORSK-Miljøforskning for en grønn samfunnsomstilling